Byplanlegging i oldtida
Byplanleggarar har gjennom alle tider hatt som mål å skapa den perfekte byen. Ein by som er trygg for angrep utanfrå, har god tilførsel av ferskvatn og ligg smart til med omsyn til handel. Døme på slike byar frå oldtida er Jeriko (9000–6000 f.Kr) nord for Daudehavet og Uruk (3000 f.Kr) som låg sør i det som i dag er Irak. Dei som bygde byane tok ofte meir omsyn til dei rike enn til dei fattige. Hygiene var ofte eit problem i dei trangbudde byane i oldtida.
Arkitekten bak idealbyen
I renessansen på 1400-talet skreiv den italienske arkitekten Filarete eit verk om Den perfekte byen. I 1456 byrja han å planlegga sjukehuset i Milano. Sjukehuset var det første me veit om der pasientane låg på kvart sitt rom, og der ein tok omsyn til hygiene og smittefare. Filarete gav også form til dei store bronsedørene til Peterskyrkja i Roma.
Idealbyen på bakgrunn
Den perfekte byen
På midten av 1400-talet skreiv Filarete boka Trattato d’architettura. Her beskriv han idealbyen Sforzinda. Byen har form som ei åttekanta stjerne og er omgjeven av ein sirkel. Geometriske former var mykje brukt i renessansen, både i arkitektur og kunst. Teikningane av denne byen var godt kjende i samtida, og Leonardo da Vinci studerte dette med stor interesse. Idealbyen til Filarete blei aldri bygd, men beskrivingane har hatt betyding for moderne byplanlegging.
Da Vinci-bakgrunn
Byane spreidde sjukdom
I overgangen frå mellomalderen til renessansen blei fokuset ofte flytta frå Gud til mennesket. Korleis kunne mennesket få det best mogleg på jorda? Utfordringane handla ofte om byplanlegging. Svartedauden og andre pestsjukdommar hadde drepe nesten 1/3 av folket i Europa. Leonardo da Vinci var ein av mange som meinte at organiseringa av byane hadde mykje av skulda. Byane var ofte trange, møkete og utan frisk luft – eit perfekt utgangspunkt for spreiing av smittsame sjukdommar.
Idealbyen til Leonardo da Vinci
På 1480-talet teikna Leonardo ein by som ville løysa helse- og transportproblem. Han tok omsyn til ei av dei viktigaste utfordringane i byar: Å skilja gågater frå annan trafikk. Løysinga hans var å skapa ein by med ulike nivå. Det lågaste nivået skulle vera til transport, med breie gater og kanalar. Eit øvre nivå skulle fotgjengarar bruka. Her skulle det vera ope med tilgang til frisk luft. Hensikta med nivåa var å sikra innbyggarane frisk luft, reint vatn og sollys. Han teikna også eit underjordisk kloakksystem for å avgrensa smitte av sjukdommar.
Da Vinci-bakgrunn
Ideelle byar i moderne tid
Me har berre skisser av den byen Leonardo da Vinci såg for seg, men nokre av ideane hans har blitt brukt i moderne tid. Moderne byar blir planlagde med tanke på god infrastruktur. Til dømes vegsystem, tryggleik for fotgjengarar og gode sanitære forhold. Ein som prøvde å laga ein perfekt by, i sine eigne auge, var Adolf Hitler. Ved hjelp av ein av sine næraste medarbeidarar, Albert Speer, fekk han bygd ein modell av Germania. Det skulle vera den perfekte hovudstaden i det nasjonalsosialistiske verdsriket. Desse planane blei det heller aldri noko av.
Kjelder:
- Vold, Thurid; (2007), Tekst frå Arne Gunnarsjaas Arkitekturleksikon: Filarete i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Filarete
- Thorsnæs, Geir; Butenschøn, Peter: by – historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/by_-_historie
- Dødehavet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 5. oktober 2020 frå https://snl.no/Dødehavet
- Smartcitylab.com (06.10.2020): The city designed by Leonardo da Vinci that was centuries ahead of its time
https://www.smartcitylab.com/blog/urban-environment/the-city-designed-by-leonardo-da-vinci-that-was-centuries-ahead-of-its-time/
Bilet- og videorettar:
-
-
Carole Raddato (CC BY-SA 2.0)
-
Ukjent
-
Filarete
-
Getty Images
-
Leonardo da Vinci
-
Museo Nazionale della Scienza e della Tecnologia Leonardo da Vinci – Youtube
-
Getty Images
-
Nachlass Albert Speer / Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)
-