Huda har tre lag
1. Overhuda (epidermis)
Dette er det øvste og beskyttande laget. Det er vasstett og beskyttar kroppen mot ultrafiolette strålar. Overhuda hindrar kroppen og huda i å tørke ut. Ho er med på å regulere kroppstemperaturen, og ho beskyttar også kroppen mot infeksjonar. Ho hindrar virus, bakteriar og anna rask i å trengje inn. Overhuda vert fornya heile tida. I løpet av tre til fire veker er overhuda heilt ny.
2. Lêrhuda (dermis)
Lêrhuda gir næring til overhuda og bidrar til å oppretthalde henne. Den bølgjande forma gjev godt feste til overhuda. Lêrhuda er det største hudlaget og sørgjer for at huda er smidig og sterk. Her ligg hårrøter, nerveendar og sveittekjertlar. Lêrhuda er rikt forsynt med blodårer som går både djupt og breitt.
3. Underhuda (subcutis)
Underhuda består av feitt og bindevev. Fordelinga av feitt er forskjellig på kvinner og menn. Feittlaget sørgjer for at vi held på kroppsvarmen og beskyttar knoklar og musklar mot skade. Det er også her kroppen lagrar feittet som vert brukt som energi.
4. Nerveendar
Nerveendane ligg heilt ytst i huda. Dei registrerer temperatur, ulike former for berøring, smerte og kløe. Nerveendane har ei livsviktig oppgåve med å beskytte oss. Dei gjev beskjed viss vi til dømes brenner oss på fingeren, sånn at vi trekkjer armen til oss i refleks, og dei fortel oss når det er kaldt, slik at vi må kle på oss.
5. Sveittekjertel
Sveittekjertlane skil ut sveitte når kroppstemperaturen blir for høg. Når huda blir våt av sveitte, vert ho nedkjølt. Slik er kroppen fiffig innretta for å regulere kroppsvarmen. Sveittekjertlar er lange rør som ligg som ein kveil i underhudsfeittet, og dei har opningar til overflata til huda. Opningane i huda kallar vi porar. Det finst fleire forskjellige typar sveittekjertlar, alt etter kvar dei er på kroppen.