Vilde på scena
Dette er historia om Vilde på scena. Artikkelen høyrer til serien “Hjernelæring”.
Kva skjer med Vilde i denne historia? Og Vasili? Kva for nokre figurar er aktive i hovuda deira? Og kva skjer som endrar alt? La oss utforska!
Bakgrunn i gult hjernemønster
Vilde går rett bak Vasili når dei skal opp på scena. Ho kan høyra hjartet dunka i øyra. Når ho prøver å svelgja får ho det ikkje til. Det er som om det sit ein liten ball fast i halsen. Vilde ser ned i golvet. Ho lar blikket gli bortover til ho når kanten av scena. Men der stoppar ho. Ho veit at foran scena sit alle dei andre elevane på skulen. Dei sit der og ser opp på henne. Ho er heilt sikker på at dei kan sjå at ho har ein ball i halsen. Og kanskje dei synest den nye sløyfa frå bestemor er skikkeleg barnsleg?!
Bakgrunn i gult hjernemønster
– Er de klare? seier læraren. Så byrjar han å syngja. Bak seg høyrer Vilde resten av klassen syngja med. Men ho kan ikkje hugsa orda. Ho ser raskt på læraren og så på Vasili. Vasili står der og syng høgt og klart med den nydelege stemma si, men Vilde klarar ikkje å få fram ein einaste lyd.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Ho ser ned på skoa sine. Dei ser klumpete og rare ut, for Vilde har krølla tærne sine saman inni dei. Ei stor varm tåre sklir nedover kinnet. Vilde prøver å bøya hovudet endå meir. Ingen der nede på golvet må sjå at ho græt! Ho skulle ønska at ho kunne få stå bakarst. Ei ny tåre kjem. Tåra plaskar rett i golvet ved sida av ein av skoa hennar.
Bakgrunn i gult hjernemønster
Ei varm hand tek tak i handa til Vilde. Ho ser på handa. Så ser ho opp på Vasili. Han klemmer handa hennar inni si, medan han smiler og syng. Vilde kjenner at ballen i halsen byrjar å krympa. Ho smiler tilbake. Og plutseleg kan ho høyra at ho syng ho også!
Bakgrunn i gult hjernemønster
Forfattar: Kaja Kvernbakken / Hjernelæring
Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images