Historia om norsken – frå runer til emojiar
Korleis blei norsk norsk? Og kva er greia med skrivereglar eigentleg?
Hipp og kul norsk
Når vi snakkar, vil vi at nokon lyttar – og skjønar kva vi seier. Det er heile poenget med språket. Sånn har det alltid vore. For å få til det, må vi bli einige om nokre felles reglar, akkurat som på fotballbanen og i trafikken. Så då avtalte vi ein gong i tida eit felles system der vi laga lydar som fekk ei bestemt tyding. Og vips, så hadde vi eit kodesystem kalla talespråk. Men språket må utvikla seg heile tida. Nokre ord forsvinn, andre kjem til. Språk må vera edgy, eller – OK – nyskapande.
Bilde av et gammelt manuskript
Papirbakgrunn 8
Norrøn stordomstid
Norrønt tok over etter urnordisk. Då hadde Island og Færøyane same språket som Noreg. Då var òg vikingtida på sitt mest suksessrike, med plyndring og handel i aust og vest. Norrønt blanda seg med både engelsk og fransk, noko som fortel om den store reiseverksemda til vikingane. Visste du at det engelske ordet «bag» har opphav i det norrøne «baggi»? Dessutan har «meat», som betyr ‘kjøtt’, opphav i ordet «mat». Så då er du i din fulle rett til å hevda at berre kjøtt er mat!
Papirbakgrunn 8
Pesten endrar språket
I 1349 gjekk ei rotte i land frå eit skip som låg ved Bergen bryggje. Ho bar med seg ein pestbakterie. Få dagar seinare døydde bergensarane som fluger. Det var byrjinga på svartedauden, ein av fleire pestepidemiar som skulle herja Noreg og Europa i bølgjer i fleire hundre år framover. Kanskje så mykje som halvparten av befolkninga i Noreg døydde på grunn av svartedauden.
Mange av dei som kunne skriva, døydde i pesten. Dei som voks opp etter epidemiane, tok til å skriva meir slik som dei snakka, og skriftspråket gjekk gjennom endringar og forenklingar. Dette blir kalla den mellomnorske perioden.
Papirbakgrunn 8
Bilde av Ivar Aasen
Skriftspråkene i Norge
Snakkar du bokmål eller nynorsk?
Nei! Ingen av delane. Du snakkar dialekt, sjølv om du kanskje trur du ikkje gjer det. Ein dialekt er det munnlege språket som blir snakka innanfor eitt bestemt område. Dialekt er ein munnleg variant som ligg ein stad tett opptil eller langt unna bokmål eller nynorsk – som er dei to skriftlege hovudmåla. Det bruker du når du skriv.
Papirbakgrunn 8
Samisk kultur
Gutt som breakdancer
En lærer som hjelper en gutt med skolearbeid
Engelsk ordbok
Kjelder:
- Moseng, Ole G: svartedauden i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. januar 2021 frå https://snl.no/svartedauden
- Norark (22.01.2021): Frekke runeristere i middelalderens Bergen
http://www.norark.no/innsikt/frekke-runeristere-i-middelalderens-bergen/
- Nordbø, Børge: norsk språkhistorie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. januar 2021 frå https://snl.no/norsk_språkhistorie
- Nordbø, Børge: norrønt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 22. januar 2021 frå https://snl.no/norrønt
- Vikør, Lars S. m.fl.: språk i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. januar 2021 frå https://snl.no/språk_i_Norge
- Venås, Kjell og Skjekkeland, Martin: dialekter i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. januar 2021 frå https://snl.no/dialekter_i_Norge
- Venås, Kjell m.fl.: mellomnorsk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. januar 2021 frå https://snl.no/mellomnorsk
- Venås, Kjell og Nordbø, Børge: moderne norsk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 22. januar 2021 frå https://snl.no/moderne_norsk
- Venås, Kjell m.fl.: urnordisk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 21. januar 2021 frå https://snl.no/urnordisk
Bilet- og videorettar:
-
-
Nasjonalbiblioteket
-
Getty Images / Svein Skare, Universitetsmuseet i Bergen (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images / Universitetsmuseet i Bergen (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images / Hans Holbein den yngre
-
Carl Christian Wischmann, Oslo Museum
-
Getty Images / Erik Bolstad (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-