Global oppvarming
Ekstremvêr, artar som døyr ut og øyer som forsvinn – klimaendringane er alvorlege for både menneske og naturen rundt oss. Kva er eigentleg global oppvarming, og kvifor skjer dette no?
Kva er global oppvarming?
Global oppvarming tyder at atmosfæren, som er gasslaget rundt jorda, vert varmare. Dette påverkar heile planeten og kvart einaste levande vesen her. I løpet av 4,5 milliardar år har kloden vår endra seg mykje. Det har vore både istider og varmare periodar. Skilnaden er at endringane no skjer veldig raskt. Sidan 1880 har heile atmosfæren vorte 0,8 °C varmare. Før slutten av 2000-talet kan temperaturen ha stige så mykje som 2-4 °C.
⬅ Mange av dei største elvane i verda turkar inn på grunn av at klimaet endrar seg, som her i Australia.
Drivhuseffekten
Overflatetemperaturen til jorda er på 15 °C og er styrt av drivhusgassane – også kalla klimagassane – i atmosfæren. Dei syg til seg ultrafiolett stråling frå jorda. Desse gassane er som eit varmeteppe rundt jorda. Viss dei forsvann, ville planeten fryse. Med for mykje gassar ville han derimot verte for varm.
Vi kan samanlikne laget av klimagassar med glaset i eit drivhus: Sola varmar opp lufta innanfor glaset om dagen og gjev gode vekstforhold for plantar. Om natta vert noko av varmen slept ut til lufta utanfor igjen, og drivhuset vert avkjølt.
Kva er metan?
Visste du at …
… atomkraft ikkje slepper ut mykje klimagassar, men at brennstoffet, uran, kan vere svært farleg å bruke? Det såg vi etter at Fukushima-kraftverket i Japan vart skada av eit jordskjelv i 2011. Livsfarlege stoff vart spredd over eit stort område, og katastrofen gjorde betydeleg skade på dei næraste omgjevnadene.
Kalk i vatnet mot sur nedbør
Sjødyr i fare
Havet er berre vorte ei grad varmare, men det er nok til at mange sjødyr kan døy ut. Leveområde i havet reagerer saktare på global oppvarming enn leveområde på land. Reaksjonen er derimot meir alvorleg. Vi ser utsvoltne isbjørnar som må symje lange vegar mellom spreidde isflak for å jakte på sel. I den andre enden av næringskjeda gjev varmare havvatn gode levekår for dyreplankton. For å tilpasse seg dei nye forholda i havet, flyttar mange artar seg til andre stadar. Mistar dei den moglegheita, kan dei døy ut.
Visste du at …
… smeltinga av drivisen som flyt på havet, ikkje gjer at havnivået stig? Havnivået stig berre når isen som finst i isbrear, iskalottar og innlandsis smeltar.
Landdyr i fare
Dei første dyra som lid på grunn av klimaendringane, er dei som trivst i kalde strøk. For å sleppa unna varmen forlet mange dyr både mat og yngleplassar i dei naturlege leveområda sine. På ein ny stad truar nye rovdyr, mangel på mat og farlege sjukdomar. Forskarar spår at berre 4 prosent av verdas dyr og plantar vil få noko godt ut av klimaendringane. Resten vil enten måtte flytea til nye område eller døy ut. I 2009 vart Bramble Cay-rotta i Australia det første pattedyret som døydde ut på grunn av klimaendringar.
Kva skjer med oss?
Menneske treng luft, vatn, mat, husvære og søvn for å overleva. Men det er nettopp desse behova klimaendringane truar med å øydeleggje.
Vassmangel
La Paz i Bolivia vil truleg verte den første hovudstaden i verda som vert meir eller mindre forlaten på grunn av mangel på ferskvatn, sidan forsyninga av smeltevatn frå breane har minka drastisk. Ferskvatn vil verte den mest verdifulle ressursen i verda. Dette vil føre til konfliktar og dødsfall.
Økonomisk tap
I tillegg til at menneske omkjem, gjer ekstremvær skadar for milliardar av kroner. Det forstyrrar handel, industri og matproduksjon, noko som gjer at mange mistar levebrødet. Det fører også til at folk flyktar til mindre utsette område, og det gjer det fullt på dei stadane dei flyktar til.
Avlingane døyr
Klimaendringar kan få ekstreme følgjer som er vanskelege å førestille seg. Til dømes kan det verte for mykje eller for lite vatn, eller for høge eller for låge temperaturar. Dette kan gje dårlege avlingar eller øydeleggje avlingane heilt. Mykje CO2 i lufta gjer at nokre kornsortar, som kveite, ikkje vert så næringsrike som dei skulle ha vore.
Kva vert gjort?
Over heile verda jobbar ein intenst for å finna løysingar på problema som klimaendringane skapar. Det er ei stor oppgåve, som krev at menneske, industriar, produsentar, energiselskap og leiarane i verda må tenkja nytt. Ofte møter dei sterk motstand. Å kjempe mot global oppvarming krev grundig forsking, stor innsats frå miljøorganisasjonar, betre teknologi og nye lover. Men det viktigaste av alt er at ein verkeleg vil gjere noko.
Kjelder:
- Vår fantastiske planet (2017)
Orage Forlag AS
- Hofstad, Knut; Rosvold, Knut A.: Fukushima – kjernekraftulykke i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 27. april 2022 fra https://snl.no/Fukushima_-_kjernekraftulykke
- NRK (10.06.2020)
nrk.no/skole
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-