Fagforeningar – arbeidarane sine støttespelarar
Noreg blir ansett som eit av verdas beste land å bu i, mykje takka vere fagforeiningane. Men kva er ei fagforeining, og kva jobbar dei med?
Arbeidsgiver med grå dress og arbeidstaker i gul vest gir hverandre et håndtrykk.
Illustrasjon av en mann med dokumentmappe og briller som blir knipset bort av en stor sort hånd.
Lønn til å leve av
Fagforeiningar etablerte seg samtidig med at Noreg vart industrialisert. Arbeidarar kravde ei lønn det gjekk an å leve av, reglar for arbeidstider og rettar. I 1899 vart Arbeidernes faglege landsorganisasjon, seinare kalla Landsorganisasjonen i Noreg (LO), stifta.
Kvinner jobber på fabrikk
Politikarane må ta gode val
I demokratiske land jobbar mange fagforeiningar med å påverke staten. Både om korleis lovene i arbeidslivet skal vere, og om korleis økonomien blir styrt. Ei fagforeining legg press på dei ulike politikarane, men skal helst ikkje knyte seg direkte til eit politisk parti.
Stortinget
LO-bygget i Oslo sette fra utsiden med logoen til LO stående ut fra veggen.
Tariffavtale
Dei fleste arbeidsplassar har det vi kallar tariffavtalar. Dette er ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsplass. Avtalen bestemmer mellom anna kva slags lønn du har krav på, og kor lang arbeidstid du har. Det er representantar frå hovudorganisasjonane, på både arbeidsgivar- og arbeidstakarsidene, som forhandlar om tariffoppgjeret.
To personer skriver under på en kontrakt.
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.
Streik
Eit av dei sterkaste verkemidla ei fagforeining kan bruke, viss dei meiner forhandlingane ikkje kjem i mål, er å streike. Då kan delar av Noreg stoppe heilt opp.
Streikende på en fabrikk ser opp på sjefene som står i en trapp over dem.
Forretningsmann river seg i håret foran en rød kurve som først peker opp, for deretter å peke rett ned.
Norske pengesedler stikker opp fra en sort lommebok i skinn.
Ung student studerer noe i et mikroskop.
Ung jente jobber i en kaffebar.
Medlemsfordelar
Om du melder deg inn i ei fagforeining, får du mange fordelar. Det kan vere billigare forsikring, rimelegare lån, kurs og tilbod på underhaldningsparkar, festivalar, hotell, leigebil, reiser og liknande.
Stående publikum foran en musikkscene med mange lyskastere.
Kvifor er nokon skeptiske?
Sjølv om stadig fleire blir positive til fagforeiningar i Noreg, er det faktisk færre som organiserer seg. Mange meiner at dei vil oppnå fordelar utan fagforeiningar. Enkelte meiner at foreiningane ikkje ivaretar interessene deira godt nok. Somme meiner òg at det er for dyrt å vere organisert.
Studiobilde av en skeptisk mann.
Treng vi fagforeiningane?
Takka vere fagforeiningane har vi høgare lønn, meir fritid, tryggare arbeidsmiljø og eit økonomisk rikare samfunn, samanlikna med mange andre land. Fagforeiningane er derfor gode hjelparar og støttespelarar som skal passe på at arbeidsfolk blir rettferdig behandla.
En gruppe mennesker hjelper hverandre opp på en fjelltopp.
Kjelder:
- fellesforbundet.no (20.05.2022): Hva er en fagforening?
https://www.fellesforbundet.no/om-fellesforbundet/hva-er-en-fagforening/
- Gisle, Jon; Stokke, Torgeir Aarvaag; Thingsaker, Bjørn: fagforening i Store norske leksikon på snl.no. Henta 13. juni 2022 frå https://snl.no/fagforening
- kvinnehistorie.no 20.05.2022): Fra håndverker til lønnsarbeider: fagforeningene oppstår
https://www.kvinnehistorie.no/artikkel/t-2639
- tv.nrk.no (20.05.2022): Sånn er Norge
https://tv.nrk.no/serie/harald-eia-presenterer-saann-er-norge/sesong/1/episode/4/avspiller
- LO.no (20.05.2022): LOs sommerpatrulje: Økning i antall lovbrudd mot unge ansatte
https://www.lo.no/hva-vi-gjor/los-sommerpatrulje/nyheter-om-los-sommerpatrulje/los-sommerpatrulje-okning-i-antall-lovbrudd-mot-unge-ansatte/
- fagforbundet.no (20.05.2022): Medlemsfordeler
https://www.fagforbundet.no/medlemsfordeler/
- innovasjonnorge.no (13.06.2022): Bærekraft gir konkurransekraft https://www.innovasjonnorge.no/no/verktoy/barekraft-og-etikk/barekraft-gir-konkurransekraft/
- frifagbevegelse.no (13.06.2022): Ni ting du må vite om tariffavtaler
https://frifagbevegelse.no/forside/ni-ting-du-ma-vite-om-tariffavtaler-6.158.610424.4611dd9f5a
- Frifagbevegelse (30.06.2022) Her er grunnene til at folk ikke melder seg inn i en fagforening https://frifagbevegelse.no/nyheter/her-er-grunnene-til-at-folk-ikke-melder-seg-inn-i-en-fagforening-6.158.642874.1900f88268
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Foto: Hanna Alice Johnsen / LO
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images – YuoTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-