Har vi slutta å utvikle oss?
Alle menneske som lever i dag, stammar frå ei kvinne som levde i Aust-Afrika for rundt 200 000 år sidan. Forskarane kallar henne Eva, og arvestoffet hennar eller gena finst framleis i alle cellene våre. På Evas tid fanst det få menneske, og berre etterkommarane hennar er igjen i dag. Litt etter litt har dei spreidd seg over heile kloden. Sjølv om vi altså har fordelt oss utover heile verda, er arvestoffet vårt veldig likt. Det er ingen tydelege forskjellar mellom folk i dei ulike verdensdelane, eller ulike grupper av menneske. Det er faktisk større forskjellar mellom gena til sjimpansane enn mellom våre gen. Sidan vi er så like, lurer enkelte på om vi faktisk har slutta å utvikle oss.
Menneskets evolusjon med et menneske med smarttelefon
Nokre eigenskapar gir ein fordel
For at evolusjon eller utvikling skal skje, må det bli fødde fleire menneske enn dei som overlever. Desse må vere forskjellige, og forskjellane må vere arvelege. Dei arvelege eigenskapane vert overførte frå foreldre til barn. Nokre eigenskapar passar betre til omgivnadene enn andre. Menneske med slike eigenskapar har større sjansar for å vekse opp og få barn, og då går desse eigenskapane vidare til barna.
Prosessen av hvordan en solsikke blomstrer
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!