Er identitet noko som er medfødt?
Identiteten vår seier noko om kven vi er. Alle er unike menneske, så identiteten vår er ulik. Kan vi forandre identiteten vår, eller er identiteten den same heile livet?
Kva er identitet?
Identitet er ikkje noko vi blir fødde med. Det er noko som utviklar seg over tid. Identitet er heller ikkje noko som er likt heile livet. Den kan forandrast i forhold til livssituasjonen vår.
Den personlege identiteten handlar om å vite kven vi er og korleis vi ønskjer å vere. Korleis vi ser på oss sjølve og korleis andre ser oss, kan vere ganske ulikt. Det viktige er at alle har sin eigen identitet. Alle er unike, og det betyr å ikkje vere lik alle andre.
En ung mann som ser mot oss med lue og ring i leppa.
Skolekorps i stor klynge med instrumentene hevet over hodet.
Undervisning i et klasserom der mange elever rekker opp hånda.
To tenåringsgutter plager en medelev ved en rekke med skap.
Rollebyte
Korleis ville du oppført deg hvis du tok ei anna rolle?
- du blir plutseleg 80 år gammal
- du blir mamma eller pappa
- du skifter religion
- du blir statsminister i Noreg
- du skifter kjønn
Sorthvitt bilde av en far og ung sønn der sønnen er kledd som faren i dress og hatt.
En mann sitter med hodet bøyd i en fengselscelle.
Å bryte med normer
Viss ein gjer noko heilt anna enn det samfunnet forventar, kallar vi det sosialt avvik. Det kan verke både positivt og negativt.
Negativt fordi det kan føre til kriminalitet (brot med lover og reglar). Positivt fordi endringar kan gjere at samfunnet utviklar seg vidare.
En ung mann med sort hettegenser, sort skinnjakke og hanekam med striper av gult og fiolett.
Sosiale medium
Sosiale medium har på mange måtar gjort noko med folks identitet. For mange blir det eit press for å verke perfekt, medan andre presenterer seg sjølve utan filter. Kven vi utgir oss for å vere på sosiale medium, kan vere ganske forskjellig frå den vi eigentleg er.
På den måten er det ikkje så enkelt å finne identiteten sin. Samfunnet, venner og familie har forventningar til kven du skal vere. Det er ikkje alltid det passar med din eiga meining om dette. Kva betyr det å vere seg sjølv, og kor lett er det?
Ung influenser med rosa hår som viser frem en gullsko foran et kamera.
Kjelder:
- identitet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/identitet
- Skirbekk, Sigurd; Tjora, Aksel: sosialisering i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 23. november 2021 frå https://snl.no/sosialisering
- naku.no (23.11.21): Identitet
https://naku.no/kunnskapsbanken/identitet
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-