Er det nok mat til alle?

Det er nok mat til alle, men kvifor svelt då fleire hundre millionar menneske? Kva kan vi gjere for å utrydde svolt? Er det mogleg å få til? FN har sett seg mål om å utrydde svolt innan 2030. Er det noko du kan gjere for å bidra til det?

Accessibility icon Er det nok mat til alle?

Matproduksjon

Det er store skeivskapar i korleis maten på kloden er fordelt. Nokon har i overflod, medan andre svelt. Mange meiner at det eigentleg er nok mat til alle.

Det er ikkje befolkningsvekst som er problemet, men korleis vi fordeler maten og kva som står på menyen. Produksjon av kjøtt gjer at vi forbruker mykje av jordas ressursar. Vi bruker mykje dyrkingsjord til dyrefôr framfor mat til menneske. Nokon vel å bruke plantar som raps og mais til å laga drivstoff, framfor å bruke plantane som mat.

Kuer i flokk
Kuer i flokk

Forbruk av ressursar

I tillegg til at mykje matjord blir brukt til å produsere dyrefôr, står storfedrift for meir utslepp av klimagassar enn heile transportindustrien. Samtidig forbrukar kjøttbransjen store vassressursar. For å produsere éin kilo biffkjøtt blir det brukt over 15 000 liter vatn.

Trykk på knappen under for å sjå kor mykje vatn som blir forbrukt for andre matvarer.

Kuer drikker vann
Kuer drikker vann

Globale utfordringar

Det er ei stor utfordring å produsere nok mat i verda fordi befolkningstalet aukar. Naturkatastrofar og krig gjer det òg vanskelegare å produsere nok mat fleire stader i verda. Mange har heller ikkje råd til å kjøpe den maten dei treng.

Samtidig som det i mange land er vanskeleg å mette befolkninga, blir den vestlege verda prega av at mange et altfor mykje.

Mange blir så overvektige at dei må starte på slankekur. Då blir brukt i stor grad endå meir av matvareressursane i verda.

Mange av desse diettane er nemleg baserte på lite karbohydrat, store mengder protein og fettholdig mat som kjøtt, ost og egg. Karbohydrat finst i brød, poteter, grønsaker, frukt og sukkerhaldig mat.

For å produsere éin kilo storfekjøtt blir det kravd sju kilo korn. Mange meiner derfor at vi bør ete mindre kjøtt og meir korn og grønsaker.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Overvekt
Overvekt

Berekraftsmåla til FN

FN har sett seg 17 mål for ei global berekraftig utvikling. Eitt av desse måla handlar om å utrydde svolt.

Målet handlar om at alle menneske skal ha tilgang på nok næringsrik mat heile året. Dette er ein av FN sine mange menneskerettar. Likevel blir det fleire og fleire som svelt.

Det positive er at verda inneheld meir enn nok mat til at alle skal kunne ete seg mette. Vi må berre fordele ressursane meir rettferdig, og ikkje kaste den maten vi sjølv ikkje et.

Et grafisk bilde av bærekraftsmålet til FN: utrydde sult
Et grafisk bilde av bærekraftsmålet til FN: utrydde sult

Innan 2030  …

…  er målet å utrydde sult og sikre alle menneske tilgang til nok, trygg og sunn mat. Særleg for fattige, flyktningar og spedbarn.

…  skal alle former for feilernæring bli utrydda.

Innan 2030  …

 

…  skal produktiviteten og inntektane til små lokale matprodusentar bli dobla. Særleg blant kvinner, urfolk og nomadar.

…  skal det finnast berekraftige system for matproduksjon over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dames hender som fordeler korn på mange barn sine hender
En dames hender som fordeler korn på mange barn sine hender

Korleis ligg vi an?

Verda er ikkje i rute til å nå målet om å utrydde sult innan 2030, for tala går feil veg.

  • I 2019 led cirka 690 millionar menneske av sult. Dette er 8,9 prosent av befolkninga i verda.
  • To milliardar menneske hadde ikkje tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat i 2019.
  • 1 av 11 lider av underernæring. Høgast på denne stigen ligg Haiti, Nord-Korea og Madagaskar.
En jente som står inntil veggen med en tom tallerken
En jente som står inntil veggen med en tom tallerken

Kva kan du gjere?

Du kan bidra til å kaste mindre mat. Planlegg innkjøpa dine betre. Ikkje kjøp meir enn du treng. Ikkje ver altfor opptekne av datomerking. Sjå, lukt eller smak på mat og drikke som har gått ut på dato før du kastar ho. Utgått mat treng ikkje vere dårleg!

En dame som lukter på sur melk
En dame som lukter på sur melk

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images