Er det nok mat til alle?
Det er nok mat til alle, men kvifor svelt då to milliardar menneske? Kva kan vi gjere for å utrydde svolt? Er det mogleg å få til? FN har sett seg mål om å utrydde svolt innan 2030. Er det noko du kan gjere for å bidra til det?
Matproduksjon
Maten i verda blir delt veldig urettferdig. Nokre har altfor mykje, medan andre svelt. Det burde ikkje vere slik, for det er eigentleg nok mat til alle. Veldig mange et kjøtt. Derfor blir mykje av matjorda brukt til å lage dyrefôr. Mange bønder sluttar dermed å lage mat til menneske.
Kuer i flokk
Forbruk av vatn
Dei som produserer kjøtt, bruker veldig mykje vatn. Det trengst 15 000 liter vatn for å produsere éin kilo biffkjøtt.
Kuer drikker vann
Overvekt
FN ønskjer å stanse svolt
FN ønskjer å skape ei betre verd for alle menneske. Dei kallar det berekraftsmålet. Dei ønskjer mellom anna at ingen skal svelte. Alle skal ha moglegheit til å ete seg mette kvar dag. Likevel blir det fleire og fleire som svelt. Vi må bli mykje flinkare til å dele med dei som har lite.
Et grafisk bilde av bærekraftsmålet til FN: utrydde sult
En dames hender som fordeler korn på mange barn sine hender
Korleis ligg vi an?
Vi er langt unna målet om å utrydde svolt. Tala er ikkje så veldig positive.
- I 2019 leid nesten 9 prosent av befolkninga i verda av svolt.
- To milliardar menneske hadde ikkje nok mat i 2019.
- 1 av 11 lir av underernæring. Verst er det for Haiti og Nord-Korea.
En jente som står inntil veggen med en tom tallerken
Kva kan du gjere?
Du kan kaste mindre mat. Ikkje kjøp meir enn du treng. Sjå, lukt eller smak på mat og drikke som har gått ut på dato før du kastar han. Utgått mat treng ikkje vere dårleg!
En dame som lukter på sur melk
Kjelder:
- NRK.no (21.09.2021): Produserer mat nok til 12 milliarder mennesker – minst en tredel kastes
https://www.nrk.no/urix/produserer-mat-til-12-mrd-mennesker-1.11812379
- Forskning.no (21.09.2021): Storfekjøtt er miljøversting
https://forskning.no/husdyr-mat-miljovern/storfekjott-er-miljoversting/548948
- Forskning.no (21.09.2021): Dropp storfekjøtt om du vil spise klimavennlig
https://forskning.no/ny-klima-mat-og-helse/dropp-storfekjott-om-du-vil-spise-klimavennlig/294368
- FN.no (21.09.2021): Utrydde sult
https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal/utrydde-sult
Bilde- og videorettar:
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images