Elsparkesyklar – slik er reglane
Bruken av elsparkesyklar har auka i byar og tettstader. Fleire og fleire vel bort bil og sykkel til fordel for elsparkesykkel. Korleis skal vi forhalde oss til trafikkreglane? Kan vi køyre akkurat som vi sjølve ønskjer?
Smarte framkomstmiddel
Elsparkesyklar har vorte utruleg populære dei siste åra, og det er jo ikkje så rart. Du kjem deg raskt fram i trafikken, du kan køyre frå dør til dør, og du gjer det på ein miljøvennleg måte.
Samtidig har elsparkesyklane fått mykje kritikk. Mellom anna på grunn av uvettig køyring, og på grunn av parkering som er til hinder for andre.
To på en elsparkesykkel
Fartsgrense
Ifølge lova skal ikkje elsparkesyklar køyre raskare enn 20 kilometer per time, men det betyr ikkje at det alltid er lov å køyre så fort. Som nemnt over, må du halde gangfart når du passerer andre, og du må alltid tilpasse farten etter trafikken rundt deg.
Full fart på elsparkesykkel
Alder
Det er en aldersgrense på 12 år for bruk av elsparkesykkel. Foreldre må og vurdere om barn og unge er modne nok og har ferdigheitene som trengst. Hugs at enkelte utleigeselskap likevel kan ha eigne aldersgrenser på 16 eller 18 år.
Tenåring på elsparkesykkel
Bruk av hjelm
Det er påbode å bruke hjelm når ein er under 15 år når ein bruker elsparkesyklar.
Men bruk av hjelm er heilt klart å tilrå. Dei fleste som syklar, bruker hjelm.
Hjelm til elsparkesykkel
Parkering
Når du parkerer elsparkesykkelen, er det viktig at han ikkje er til hinder for andre. Tenk over om elsparkesykkelen kan vere i vegen for nokon før du går frå han, inkludert blinde og svaksynte. Det tryggaste er uansett å setje han på ei sykkelparkering eller annan tilvist plass.
Parkert elsparkesykkel
Alkohol
Ein elsparkesykkel blir rekna som motorisert køyretøy i vegtrafikklova, og det betyr at det er same promillegrense (0,2 promille) som for andre små elektriske køyretøy.
Difor gjeld dei generelle reglane i vegtrafikklova for køyring i ruspåverka tilstand, og det betyr og at folk som er for rusa til å ha kontroll på elsparkesykkelen, må trille han.
Fall på elsparkesykkel
Tekniske krav
Som nemnt er det ikkje lov å køyre raskare enn 20 kilometer per time, og elsparkesykkelen skal ha ei fartssperre som gjer at det ikkje er mogleg å køyre raskare. I tillegg finst det nokre andre krav:
- Maks vekt: 70 kg
- Maks breidde: 85 cm
- Maks lengde: 120 cm
- Ringjeklokke, kvitt lys framme, raud refleks bak, sikre bremser
Elsparkesykkel rød refleks bak
Lokale reglar
Ved sida av dei nasjonale reglane, har enkelte byar innført lokale reglar som gjeld for elsparkesyklar til utleige.
I Oslo er til dømes utleige stengt mellom kl. 23 og kl. 05 om natta, og talet på utleigesyklar totalt er avgrensa til 8000.
I Trondheim er det innført automatisk fartsavgrensing på bestemte stader i byen, som på Torget og ved Solsiden kjøpesenter, der mange folk ferdast.
Elsparkesykler til leie
Kjelder:
- Vegvesen.no (27.10.2021): Regler for kjøring med elsparkesykkel https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/trafikksikkerhet/sikker-pa-sma-elektriske-kjoretoy/regler-for-elsparkesykkel/
- Regjeringen.no (27.10.2021): Noen tips om bruk av elsparkesykler
https://www.regjeringen.no/no/tema/transport-og-kommunikasjon/veg_og_vegtrafikk/faktaartikler-vei-og-ts/noen-tips-om-bruk-av-elsparkesykler/id2672989/
- Marusfritrafikk.no (27.10.2021): Reglene for elsparkesykkel
https://www.marusfritrafikk.no/nyheter/reglene-for-elsparkesykkel/https://no.wikipedia.org/wiki/Jordskjelv
- Regjeringen.no (27.10.2021): Strengere regler for bruk av elsparkesykler fra 18. mai https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/aktuelt-regjeringen-solberg/sd/pressemeldinger/2021/ny-side12/id2847890/
- Avisa Oslo (27.10.2021):
Elsparkesyklene skaper trøbbel for blinde: – Får betydning for hverdagen
https://www.ao.no/elsparkesyklene-skaper-trobbel-for-blinde-far-betydning-for-hverdagen/s/5-128-135589
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-