Ekstremvêr
Ekstremvêr er vêr som er litt annleis og kraftigare enn det normale. Korleis oppstår ekstremvêr, og kva er koplinga til klimaendringane?
Ekstremvêr
Ekstremvêr er rett og slett vêr som er litt annleis enn det normale: uventa haglskurer, alvorlege overfløymingar og farlege hetebølgjer.
Dei fleste forskarane meiner at meir ekstremt vêr skuldast det vi kallar global oppvarming. Når temperaturen på jorda blir høgare, er det større fare for meir øydeleggjande og kraftig vêr.
Ulike typar ekstremvêr
Støvstorm
Støvstormar oppstår i tørre område der sterk vind lett kan virvle opp laus jord. Vinden feiar med seg bittesmå partiklar, som slam, leire og støv. Alt dette blir til ei stor, tett støvsky. Dårleg sikt gjer det umogleg å køyre bil. Støvstormar varer kanskje berre nokre få minutt, men kan føre til alvorlege bilulykker.
Sandstorm
Skogbrann
Når kraftig tørke og varme tørkar ut planter og tre på ein stad, kan det starte brannar som spreier seg raskt. Skogbrann kan oppstå på alle kontinent, men ikkje på Antarktis.
Skogbrann, Colorado
Lynflaum
Lynflaumar oppstår når lågt land fløymer over raskt. Det kan komme av mykje regn eller snøsmelting. Lynflaumar kan oppstå som følgje av torebøyer som held seg i eitt område, eller av storm.
Dei fleste flaumar kjem når ekstremt mykje regn får elvane til å fløyme over. Dei kan òg oppstå når springflo, det vil seie høgvatn, eller store bølgjer slår inn over land. Flaum kan skade hus, forureine drikkevatnet og spreie sjukdommar.
Oversvømmelse, Pacific Junction, Iowa
Hagl
Hagl oppstår i toreskyer. Haglkorn er oftast på storleik med ei ert, men kan bli store som ein golfball! Dei kan øydeleggje avlingar, knuse vindauge og til og med skade menneske.
Global oppvarming konsept
Tørke
Når det forsvinn meir vatn enn det som kjem som regn, blir det tørke. Jorda tørkar ut, grunnvatnet søkk, og det regner ikkje. Tørke kan øydeleggje avlingar og gjere det vanskeleg for menneske som er avhengige av jordbruk, fiske eller husdyr. Tørke kan føre til svolt, krig og dødelege sjukdommar.
Ørken
Ekstrem vær
Kjelder:
- Ekstremvær (2015)
Orage Forlag AS
- Vår fantastiske planet (2017)
Orage Forlag AS
- Miljøstatus (14.05.2020): Ekstremvær
https://miljostatus.miljodirektoratet.no/ekstremvar
- TU.no (14.05.2020): Slik oppstår lyn og torden
https://www.tu.no/artikler/slik-oppstar-lyn-og-torden/258447
- Illustrert vitenskap (14.05.2020): Hva er statisk elektrisitet?
https://illvit.no/fysikk/fenomener-i-fysikken/hva-er-statisk-elektrisitet
- Forskning.no (14.05.2020): Hva er lyn og torden?
https://forskning.no/vaer-og-vind-meteorologi-klima/bakgrunn-hva-er-lyn-og-torden/1081128
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
iStock
-