KROPP OG SEX MED EIRIK:
Kva er valdtekt?
Du har ikkje lov til å gjere noko med ein annan, viss den andre ikkje vil.
Så enkelt kan det seiast, men så enkelt er det ikkje i røynda. Det er dette som gjer det så vanskeleg. Det verkar så enkelt når vi snakkar om det, men når du er i situasjonen, er det noko heilt anna.
Alle er samde om kva som ikkje er lov
Du kan ikkje ta nokon i skrittet viss dei ikkje ønskjer det. Eller på rumpa. Eller på puppane. Du kan heller ikkje kysse nokon som ikkje vil smake tunga di.
Du kan ikkje stikke handa ned i buksa på ein person som ikkje vil det. Eller under genseren. Eller behåen. Dette veit alle. Dette er alle samde om. Likevel gjer vi det. Så kvifor skjer det?
To personer på en sofa. Den ene drar ned buksa på den andre, den andre prøver å forhindre det.
To fulle personer på et soverom, utenfor ser vi en fest.
Figur som gråter og holder hendene foran ansiktet
En klubbe brukt i rettsaker
Tre personer, to som trøster den tredje.
Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?
Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med din lokale helsestasjon. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.
Skrive av Eirik Husby Sæther.
Illustrasjonar: Helene Brox
Foto: Jon Kristian Andresen
Redaktør: Line Hordvin
Kven er Eirik Husby Sæther?
Eirik er utdanna kriminolog. Kriminologi er læra om kvifor kriminalitet skjer. Han er òg politi som etterforskar straffbare handlingar. Det handlar ikkje berre om å finne ut kven som har gjort det, men kvifor. Samtidig som Eirik har jobba som politi, har han skrive bøker. Bøkene hans handlar stort sett om ein hovudperson som gjer noko gale, og dei prøver å vise kvifor personen gjorde dette.