Det sårbare demokratiet

Mange tek demokratiet for gitt, men demokratiet er ganske sårbart. Fleire land i verda opplever at ein går bort frå folkestyre til meir autoritære og diktatoriske styresett. Men finst det andre måtar å skape folkestyre på enn dagens demokrati?

Accessibility icon Det sårbare demokratiet

Står demokratiet for fall?

Fleire demokrati har vorte skaka det siste tiåret. Det har vore misnøye med den politiske styringa og økonomiske kriser. Vi har sett politiske leiarar som ønskjer å gå tilbake til autokrati. Autokrati betyr at  enkeltpersonar, eller ei lita gruppe, har mesteparten av makta. Folk flest mister stemmeretten og påverknadskrafta dei har i eit demokrati.

Lita støtte

I den vestlege verda er støtta til demokratiet på sitt lågaste sidan andre verdskrigen. Det gjer at mange ikkje engasjerer seg i politiske val eller ikkje bruker stemmeretten sin. Viss dette held fram, vil berre halvparten av innbyggjarane i Vesten stemme om fem år.

Kva vil styre oss?

Forsvinn demokratiet? Kva vil i så fall erstatte det? Blir det diktatur som frå begynnelsen av førre hundreår? Eller er det kunstig intelligens som vil styre oss i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En mann styrer mange mennesker med tråder.
En mann styrer mange mennesker med tråder.

Lærer vi noko av historia?

Mykje av det som skjer i verda i dag, har skjedd før. Men lærer vi eigentleg noko av historia? Folk flest ønskjer å leve trygt og godt. Dei vil bestemme over sitt eige liv. Kvifor er det då så mange som opplever det stikk motsette?

Ulike styreformer

Demokrati er ei styreform som er ulik styreformer som diktatur, anarki og meritokrati. Demokrati har vore meir unntaket enn regelen. Mange land og område har ofte vorte styrte av oligarkar, despotar og diktatorar.

Diktatorar og oligarkar

Eit diktatur blir ofte styrt av éin person, slik som diktatoren Adolf Hitler i Tyskland under 2. verdskrigen. Folk flest fekk ikkje vere med og bestemme. Eit diktatur kan òg bli styrt av oligarkar. Det er når ei lita gruppe sit med makta. Mange av desse statsleiarane var og er despotar – som betyr brutale og valdelege leiarar.

 

Anarki og meritokrati

I eit anarki som styringsform har ingen overordna makt. Samfunnet blir styrt gjennom samarbeid og eit ønske om fri vilje. Eit meritokrati blir styrt av dei med spesielle evner og ferdigheiter. Dette er ei svært sjeldan styreform!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.
En overdimensjonert rød mann ser ned på en stor folkemengde.

Demokratiet i Athen

Demokratiet i Athen var kanskje meir ein herreklubb enn eit demokrati. Det var stor forandring å flytte makta frå éin til fleire personar. Likevel var det berre 10 prosent av innbyggjarane som fekk bestemme. Ingen kvinner eller slavar fekk delta.

Dei mennene som hadde stemmerett, møttest nokre gongar i månaden og var med og stemte. Det gjorde dei ved å putte farga steinar i ei krukke.

Lite kontroll med makta

Det fanst ikkje politiske parti og ingen opposisjon. Det var ingen ordningar som kontrollerte makta. Dei som laga lovene, kunne derfor gjere lovbrot utan å bli straffa. Dei som var med og bestemte, gjorde ikkje det på vegner av nokon som hadde valt dei.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann står i et tempel og snakker med en gruppe menn.
En mann står i et tempel og snakker med en gruppe menn.

Den korsikanske grunnlova

Demokratiet på Korsika, ei øy utanfor Italia, er ein mindre kjend del av historia. Andre land hadde teke makta over folket på Korsika. Etter mange år gjekk dei lei. Korsikanarane gjekk til angrep for å få fridom. Dei skapte ei grunnlov som alle innbyggjarane underteikna. Dette var noko heilt nytt.

På Korsika fekk både kvinner og menn stemme og stille til val. Her skulle folket bestemme. Det korsikanske demokratiet varte dessverre berre i 14 år. Franskmennene invaderte Korsika i 1769 og fjerna demokratiet der.

📷  Hamneområde frå Bonifacio på Korsika.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Havneområde på Korsika med mange båter og en festning.
Havneområde på Korsika med mange båter og en festning.

Demokratia blomstrar

På midten av 1800-talet begynte demokratia å bli etablerte. Noko av årsaka var at fleire menneske utdanna seg og ville bruke stemma si. Dei som styrte, forstod at dei ikkje kunne halde folket utanfor politikken.

Demokratia voks fram i tre fasar:

  • Første halvdel av 1800–talet fekk nesten alle kvite menn i Amerika stemmerett.
  • Etter 2. verdskrigen vart det etablert mange demokrati. I 1962 var det heile 36 demokrati.
  • Mellom 1970 og 1990 vart fleire diktatur i Europa og Latin-Amerika oppløyste på grunn av Sovjetunionens fall.

Etter 2. verdskrigen var optimismen stor. Mange land forstod at demokratiet var einaste moglege styreform. I tillegg hadde nazismen og kommunismen vorte overvunne. På 2000-talet trudde ein at demokratiet hadde komme for å bli.

📷  EU er eit døme på eit demokratisk system.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange mennesker på vei i samme retning.
Mange mennesker på vei i samme retning.

Mange demokrati forsvann

Etter kvar fase med demokrati kom ei tid med stagnasjon og tilbakeslag. Nokre land gjekk derfor tilbake til autoritære styresett.

Den mest kritiske perioden var etter 1. verdskrigen. Mellom 1922 og 1944 vart demokratia i verda halverte. Talet på diktatur voks. 1930-talet viste oss at demokrati ikkje er noko sjølvsagt. Mange demokrati som oppstod etter 1. verdskrigen, forsvann.

📷  Sovjetunionen var eit diktatur under Vladimir Lenin (1917-1924) og Josef Stalin (1924-1953). På bildet ser vi Sovjetunionens flagg som vart brukt mellom 1923-1991.
Sovjetunionens flagg
Sovjetunionens flagg

Korleis går det med demokratiet i dag?

Den vestlege verda er meir uroleg enn på lenge. Det kjem av klimapolitikk, økonomi, konfliktar, krig og mange flyktningar. Deltakinga i demokratiske val har minka. Grunnen kan vere mindre tillit til demokratiske institusjonar. Mange innbyggjarar i vestlege land stoler ikkje lenger på sine eigne styresmakter. Men kvifor slår demokratiet sprekkar? Er ikkje demokrati den beste styringsforma for alle?

En politikonstabel i forgrunnen med en brennende bil og en folkemengde i bakgrunnen.
En politikonstabel i forgrunnen med en brennende bil og en folkemengde i bakgrunnen.

Korleis får nokon makta?

Tidlegare forsvann demokratiske institusjonar på grunn av militærkupp. Då tok militæret makta i landet: Dei avsette presidenten, fengsla politiske motstandarar og oppheva grunnlova. I dag er det færre militærkupp. Overtaking av makt kan skje på andre måtar. Det blir kalla intern oppløysing.

På utsida kan det sjå uendra ut. Landa har framleis val og politiske parti. Grunnlova består, og ein har ei meir eller mindre fri presse. Likevel skjer ei maktovertaking innanfrå. Eit døme er då Adolf Hitler fekk all makt i Tyskland på 1930-talet.

Hitler vann makta

I 1923 mislykkast Hitler å ta makta i Tyskland gjennom eit kupp. Han innsåg at han måtte jobbe frå innsida av systemet. Han utvikla eit stort og mektig nazistisk parti. I 1928 fekk partiet 2 prosent av stemmene. I 1932 fekk dei 37 prosent. Hitler hadde forstått at han måtte vinne stemmene til folket. Dei stemte på Hitler fordi landet var inne i ei økonomisk krise. Dei trudde Hitler ville redde dei frå fattigdom og naud. Hitler fekk makta gjennom intern oppløysing.

Riksdagsbrannen

Noko anna som hjelpte Hitler å bli Tysklands leiar, var ein brann i parlamentsbygningen – Riksdagsbygningen. Bygningen begynte å brenne i februar 1933. Hitler og nazistane la spesielt skulda på dei politiske motstandarane sine, kommunistane. Hitler hadde vorte statsleiar før brannen. Hendinga gjorde dermed at alle andre parti vart forbodne. Hitler tok fullstendig kontroll over Tyskland.

Politikken til nazistane førte til at folket miste mange av rettane sine. Motstandarar vart arresterte og drepne. Folkeslag dei meinte var underlegne, vart forfølgde og deporterte. I løpet av ein månad hadde Hitler oppnådd diktatorisk makt, med hjelp frå det politiske systemet i landet.

📷  Riksdagsbrannen i 1933.

Utnyttar den økonomiske krisa i landet

Måten nazistane får makt på har vi sett fleire døme på dei siste tiåra. Populistiske leiarar i Tyrkia, Russland, Ungarn, Venezuela og Nicaragua har utnytta situasjonen i landet. Dei har brukt økonomisk krise, innvandring og misnøye for å vinne val og skaffe seg makt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Riksdagen i Berlin brenner 1933.
Riksdagen i Berlin brenner 1933.

Vegen til makta

Så korleis skaffar desse populistiske leiarane seg makt gjennom indre oppløysing?

  • Dei kan begynne med å ta makt over domstolene. Dei vel ut eigne dommarar. Desse blir brukte til å beskytte leiarane mot  motstandarane deira.
  • Deretter tar dei kontroll over media. Desse blir tvinga til samarbeid og stillheit.
  • Dei skaper problem for opposisjonen ved å endre valreglane.

Når prosessen med indre oppløysing er i gang, er landet på god veg mot eit autokrati.

KvIfor vel ein slike leiarar?

Det handlar mykje om dårleg økonomi, høg arbeidsløyse og usikker framtid. Ofte har folk lita tru på at framtida skal bli betre enn notida. Mange trur levestandarden vil gå ned for dei neste generasjonane. Dei ser ikkje lenger fordelane til demokratiet.

Populistiske leiarar kjem med tilsynelatande enkle løysingar på problema. Dei prøver å vise moglege veljarar at framtida vil bli mykje betre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann med dress trekker et sceneteppe med godt vær for å dekke over det dårlige været.
Mann med dress trekker et sceneteppe med godt vær for å dekke over det dårlige været.

Kan vi sjå for oss andre system?

Kan til dømes kunstig intelligens og teknologi overta for demokratiet?

Men kan vi stole på maskinene?

Førebels bruk av kunstig intelligens har vist at teknologien ikkje er feilfri. Det skjer feil og tabbar. Nokre gongar med store konsekvensar. Superdatamaskiner har heller ingen kjensler eller verdiar. Ei datamaskin kan derfor ikkje avgjere om noko er moralsk rett eller gale.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Robot står og tenker med med høyre hånd på haka og med vektskåler og en dommerhammer i bakgrunnen.
Robot står og tenker med med høyre hånd på haka og med vektskåler og en dommerhammer i bakgrunnen.

Korleis skal vi få til eit reelt folkestyre?

Det finst ulike former for deltaking i eit demokrati. I Noreg deltek vi i kommune- og stortingsval. Der vel vi kven som skal representere oss – representativt demokrati. Vi stemmer på politiske parti og politikarar. Vi er avhengige av at dei vi har stemt på, tek avgjerder som vi er samde i. Det vil ikkje alltid skje fordi dei representerer mange tusen menneske, og ikkje berre deg.

Folkeavstemmingar

Nokre få gongar har vi hatt folkeavstemming.  Alle får då seie meininga si om ei konkret sak – direkte demokrati. I 1972 og 1994 skulle folket ta stilling til om Noreg skulle bli medlem av EU (i 1972 heitte det EF). Slike folkeavstemmingar er ei form for direkte demokrati. Ikkje representative – slik det vanlegvis er i Noreg.

Direkte demokrati

Å styre eit samfunn med direkte demokrati er vanskeleg. Tenk viss alle skulle vere med og bestemme alt i samfunnet? Den enkelte måtte då brukt mykje tid og krefter på å lese sakspapir og setje seg inn i mange kompliserte ting. Men vi har teknologi som kan gjere dette mogleg.

Ei digital utgåve av deg sjølv

Ei løysing kan vere at vi blir representerte av ein avatar – ei digital utgåve av deg sjølv. Han kan då vere stortingsrepresentanten “din”. Gjennom bruk av kunstig intelligens kan avataren lære kva som er haldningane og verdiane dine. Han vil ta avgjerder for deg som vil stemme overeins med kva du meiner. På den måten kunne vi representert oss sjølve og vårt eige syn. Vi kunne sloppe å velje ein politikar som skal representere mange veljarar.

Det kan verka freistande, men det er likevel ikkje heilt uproblematisk. Teknologiutviklinga har ikkje komme langt nok. Kven skal programmere og halde ved like alt? Korleis skal dei sikrast mot hacking? Dette er nokre spørsmål som krev svar. Tenk om nokon tek over avataren din og stemmer noko du ikkje ville valt? Då vil dei lett ha endra valresultata – ofte for eiga vinnings skuld.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Syv avatarer sitter på stoler i en ring og samtaler med hverandre.
Syv avatarer sitter på stoler i en ring og samtaler med hverandre.

Demokratiet som styreform

Demokrati er den beste styreforma vi har så langt. Historisk sett har det til no ikkje vore to demokrati som har kriga med kvarandre. Det åleine burde vere nok til å halde oppe demokratiet. I tillegg er det andre faktorar ved demokrati som er verd å ta vare på. Kva då, tenkjer du?

Det krev at folket faktisk deltek i demokratiet. Kva er forslaga dine til kva vi kan gjere – som enkeltindivid og som samfunn?

Stortinget
Stortinget

Demokrati i verda

I grafen kan du sjå korleis ulike styreformer har fordelt seg i verda frå 1789 og fram til 2021.

Liberale demokrati: Folket bestemmer gjennom rette demokratiske val kven som skal styre landet. Domstolane er frie. Begrepet «liberal» handlar her om vern av individet sine rettar.

Valde demokrati: Demokrati der det blir halde val som er frie og rettferdige. Individa har ikkje det same vernet som i liberale demokrati.

Valde autokrati: Her får innbyggjarane delta i val. Men dei har ikkje fridommen til å medverke i val på ein fri, rettferdig og meiningsfull måte.

Lukka autokrati: Her får ikkje innbyggjarane delta i noka form for val av dei politiske leiarane i landet.

Grafisk fremstilling av demokratisk utvikling i verden.

Kjelder:

 

  • Thorsen, Dag Einar: autokrati i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/autokrati
  • Gursli-Berg, Gunhild: Leviathan i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/Leviathan
  • Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/demokrati
  • Holm-Hansen, Jørn; Berg, Ole T.: oligarki i Store norske leksikon på snl.no. Henta 24. august 2022 frå https://snl.no/oligarki
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. OWID