j u l e f o r t e l J i n g

Den samiske julesegna om Stallo

I den nordlegaste delen av landet vårt råder mørkret i dei lange vintermånadene. I fantasien til folk har det lagt grunnlaget for ein rik fauna av underjordiske, ublide skrømt, vette og troll, mellom dei Stallo til samane. Han er ei stor og farleg kjempe som rundt juletider til og med kan finne på å ete uskikkelege barn. Stallo er delvis menneske, troll, djevel – og julenisse.

Han er større enn vanlege menneske og går kledd annleis enn samane, gjerne i mørke klede med gullknappar og med sekk på ryggen. Han er vond og sterk, men også dum og kan bli lurt av menneska.

Samiske barn har i generasjonar lista seg rundt på tå i jula, etter at foreldra har innprenta dei om å vere stille – for det verste Stallo veit, det er bråk!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nordlys over naturlandskap i Norge
Nordlys over naturlandskap i Norge

Ein måtte i det heile tatt passe på å halde orden gjennom juletida.

Utanfor lavvoen måtte det bli rydda før jul, slik at raiden til Stallo ikkje vart sitjande fast. Ein raid er eigentleg eit koppel av reinsdyr, men Stallo sin raid bestod av mellom anna rotter og mus. Vidare var det viktig at det ikkje låg igjen fliser etter vedhogsten. Så måtte det stå ei bøtte vatn med ausa ved døra slik at Stallo kunne drikke når han kom forbi, for i så fall drog han vidare.

Fekk han derimot ikkje vatn, ville han lage bråk, og i verste fall suge blodet av menneskehovud, om han var tørst nok. Det blei sagt at ein stad der Stallo ikkje fekk vatn i jula, døydde kona på garden dagen etter av tørst.

Og det vart fortalt at dei som køyrde med hest og slede for å hente ved i jula, hadde blitt ståande fast heilt til dei lova aldri å gjere det igjen. Dei meinte det var Stallo som hadde sett dei fast.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre menn og junder foran en samisk lavvo fra sent på 1800-tallet
Tre menn og junder foran en samisk lavvo fra sent på 1800-tallet
Kjempen Stallo dytter på et tre med hodet mens gutten Kaurus ser på.

Nei, Stallo var verkeleg ingen koseleg nisse, men ein skrekkeleg figur som herja med samane til kvardag og fest.

Han kunne få ulike former ved ulike høve, han var synleg og usynleg på same tid, overalt og ingen stader. Ingen hadde sett han, men alle hadde høyrt om han. Av og til kunne ein òg høyre ein pipe- eller fløytelyd der ute i vinden, og då var det Stallo som spelte. Fløytetonen var så skarp at han kunne vere farleg for høyrsla. For urfolket var Stallo i naturen, og kanskje var han sjølve naturen – krafta som alle menneske til sjuande og sist er underlagde.

Det overnaturlege har ei heilt eiga evne til å leve vidare i juletradisjonane, men for at historiene skulle overleve frå generasjon til generasjon, måtte dei vere saftige. Dei måtte opprøre og skake lyttarane, gjerne meir og meir for kvar generasjon.

Segna om reinflokken som vart til stein, er ei slik historie. Ein kan undervegs tenkje seg korleis det har balla på seg gjennom tidene. De er med dette åtvara!

Nordlys over naturlandskap i Norge
Nordlys over naturlandskap i Norge

Reinflokken som vart til stein

Det var juletider, og kaldt og mørkt heile døgnet langt nord i landet vårt. På Finnmarksvidda stod ein sameleir med to lavvoar. I den eine lavvoen var ei gammal kone og ein gammal kall. Dei hadde ein liten gut. I den andre lavvoen var ein heil ungeflokk og ei einsleg tenestejente til å passe dei.

Foreldra hadde nemleg reist til Kautokeino, tre mil unna, for dei skulle vere der i julehelga for å delta i gudsteneste.

Så kom julehelga, og barna gjorde som dei pleier når dei hadde fri – dei leika ute, ståka og sprang med bjøller. Vesleguten til det gamle paret ville òg ut å leike, men den gamle kona sleppte han ikkje av stad. Ho lét han i staden lese i ei bok og lét han ikkje ut av synet, med riset klart i den eine handa.

Barna som budde i den andre lavvoen, vart etter kvart fullstendig ville, dei leikte blant reinsdyra og lest som om dei sjølve var reinsdyr.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En samisk gutt kjører slede med reinsdyr.
En samisk gutt kjører slede med reinsdyr.

Med eitt stilna barnestøyen, og tenestejenta gjekk ut av lavvoen for å sjå etter barna. Då såg ho at månen hadde senka seg ned på hoggestabben og vorte til Stallo. Ho såg at Stallo hadde teke livet av barna. Forferda sprang jenta til den gamle kona i den andre lavvoen, som rådde henne til å ta den beste køyrereinen og reise til Kautokeino og hente foreldra. Kona sa òg at ho skulle setje reisehetta laust på hovudet, og at ho på ferda måtte køyre under eit krumbøygt tre.

Jenta gjekk bort til døropninga til sin eigen  lavvo , og der fekk ho sjå Stallo lage i stand barneflokken som julemåltid til seg sjølv. Men det minste barnet, kunne ho sjå, var enno i live.

Hoggestabben har forvandlet seg til Stallo og han fanger barna.

Stallo snudde seg mot jenta og sa: «Kva vil du?»

Jenta bad fint om ein fakkel, og Stallo gjekk for å hente ein. Då skunda jenta seg å trekkje det minste barnet ut under kanten av lavvoduken, og det same gjorde ho med ytterhua og reisehetta si. Ho la sele på ei rask gjeldssimle og tok skia på. Då dei for under ei krumbøygd bjørk, sat Stallo i bjørka og greip etter reisehetta hennar.

Jenta suste vidare, og Stallo vart sitjande att med berre reisehetta hennar i handa. Men då jenta nærma seg Kautokeino, var simla så utmatta av springinga at ho sprakk, midt ute på Kautokeinoelva.

Dermed måtte ho halda fram til fots resten av vegen til Kautokeino.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nordlys over naturlandskap i Norge
Nordlys over naturlandskap i Norge

Då ho kom fram til kyrkja, fortalte ho husbonden og matmora si kva som hadde skjedd med barna. Dei trudde henne ikkje, men gjekk med på å reise heim.

Då husbonden kom til lavvoopninga, såg han at Stallo sat i lavvoen og åt barna, eitt etter eitt.

Beistet kika opp og så husbonden, greip han i skjegget og reiv det av. Så kom husmor fram for å sjå, men Stallo tok henne og. Han greip det eine brystet hennar og reiv det rett av. Så åt Stallo opp foreldra også.

Mange samiske folk utenfor en kirke.

Den gamle kona med mannen og guten kom seg derfrå, men alle reinsdyra og leiren vart til steinar.

Og synes du historia verkar utruleg, kan du sjå henne med eigne auge: Den dag i dag ligg det, på fjellet Durkkihanvárri, to store steinar som ser ut som to lavvoer, og ei samling mindre steinar som ser ut som små reinsdyr som ligg og kviler med hovudet bakover.

Dei er både kvite og svarte, slik reinsdyr kan vere. Og midt uti Kautokeinoelva ligg den siste steinen, etter gjeldsimla. Dette er dei forsteina leivningane etter familiane og reinsdyra i julesegna om Stallo.

Steinane ligg der til minne om kor sint og vond Stallo kan vere, og dei minner alle i området om å halde saman i jula og ikkje minst vere stille når det pip og fløyter i vinden der ute.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Trær og busker med rim på vidda i Finnmark.
Trær og busker med rim på vidda i Finnmark.

Kjelder:

  • Magisk Jul – Julens myter og overtro (2020)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Scannet av Friman 2006 (Offentlig eiendom)
    3. John Bauer (Offentlig eiendom)
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Jeanette Hanvik
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images