Den nordiske modellen
Det nordiske landa blir rekna som nokre av dei beste landa å bu og leve i. Det er fordi dei skårar høgt på levestandard, inntekt og utdanning. Måten desse landa styrer samfunnet på, blir kalla «den nordiske modellen». Er det ei av årsakene til at det går så bra?
Dei nordiske landa består av Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Desse landa organiserer samfunnet ganske likt. Likevel viser “den nordiske modellen” til Noreg, Sverige og Danmark. Desse tre landa blir òg kalla Skandinavia.
I Noreg, Sverige og Danmark har dei fleste god økonomi og ein trygg arbeidsplass. Det er demokrati som bestemmer kven som skal styre landet. Det betyr at folket er med og bestemmer.