Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
Den kåte kroppen
Når du blir kåt, så skjer det ting fleire stader i kroppen din. Det skjer noko med kjønnsorgana og noko med hodet. Av og til kan det kjennest som om hovudet og kjønnsorgana ikkje snakkar saman. Kva kan skje då, og kvifor er det sånn?
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.
Kva skjer med penis når du blir kåt?
Når du blir kåt, strøymer blodet til penis. Inne i penis finst det tre svamplekamar som er som svampar inne i hinner. Når dei blir fylte med blod, blir dei harde og stive. Dette kallar vi ereksjon. Det er signalstoff som gjer at blodårane blir som ein einvegskøyrd veg. Blodet kjem inn i penis, men ikkje ut. Desse signalstoffa er der heile tida frå du får ein ereksjon, til du får orgasme, utløysing eller ikkje klarer å sende signal frå hovudet om at du er opphissa. Og det betyr at om du kjem ut av sexbobla i hovudet, så kan ereksjonen forsvinne. Ballane kan òg bli ekstra kjenslevare når du blir kåt. Det kan gjere at nokre synest det er behageleg å bli tatt på ballane, og at andre kan synast det er litt ubehageleg fordi det kan bli for kjenslevart.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
En illustrert aubergine.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klassar.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har teke vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leia tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vore programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?