Kva er eigentleg sex? med Tuva og Trine:
Den kåte kroppen
Når du blir kåt, skjer det ting fleire stader i kroppen. Det skjer noko med kjønnsorgana og hovudet. Av og til kan det kjennast som om dei to stadene ikkje snakkar saman. Kva kan skje då? Og kvifor er det sånn?
Illustrasjon av et lilla håndspeil hvor speilbildet viser en rosa vulva.
Illustrasjon av en rosa vulva.
En illustrert fersken som minner om en rumpe. Ved siden av er det noen blå dråper.
Kva skjer med penis når du blir kåt?
Når du blir kåt, strøymer blodet til penis. I penis er det tre svamplekamar. Dei blir harde og stive når dei blir fylte med blod. Altså ein ereksjon. Eit stoff i blodet gjer at årane blir einvegskøyrde. Blodet kjem inn i penis og held seg der til ereksjonen blir borte. Blodet held seg i penis til du får orgasme, utløysing eller kjem ut av sexbobla i hovudet. Då kan ereksjonen forsvinne. Ballane kan òg bli ekstra kjenslevare når du blir kåt. Nokon synest det er herleg å bli teke på balla då. Andre liker det ikkje fordi det blir for kjenslevart.
Tre illustrerte peniser i ulike former og farger.
En illustrert aubergine.
En illustrert figur som er naken nedentil og studerer penisen sin.
En illustrert figur som sitter på trikken med synlig bul i skrittet på buksa.
En illustrert figur som holder opp to runde skilt, en i hver hånd. Det ene skiltet har bildet av en penis og det andre
Skrive av Tuva Fellman og Trine Aarvold (Sex og samfunn)
Innspeling: Tuva Fellman
Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg
Kven er Trine Arvold?
Trine er lege ved Sex og samfunn. Der har dei ein klinikk for ungdom der dei kan snakke om seksualitet, prevensjon eller sjekke seg for kjønnssjukdommar. Ho har òg svart på spørsmål unge har på nettsida ung.no og undervist i temaet kropp og seksualitet for 10. klasse.
Kven er Tuva Fellman?
Tuva har tatt vidareutdanning i sexologi og har vore programleiar i NRK. Ho er no i Warner Bros Discovery og har leidde tv-programmet Naked Attraction og Love IRL. I NRK radio har Tuva i mange år vært programleiar i Juntafil, eit program om sex, kropp og kjensler. Ho og Trine svarte på spørsmål frå lyttarar som lurte på alt om desse temaa. Kanskje er det dei same spørsmåla som du óg sit med?