Dei aller første busetjarane
Ville du budd i eit hus laga av gjørme tørka i sola? Sannsynlegvis ikkje. Men dei første busetjarane måtte ta til takke med det. Frå å vere nomadar, alltid på jakt etter mat, byrja dei første menneska å busetje seg permanent for meir enn 10 000 år sidan.
Yngre steinalder
Dei første menneska vandra frå stad til stad på jakt etter mat og vatn. Små grupper laga seg enkle bustadar i holer eller under fjellhyller, og dei drog vidare i takt med årstidene eller for å følgja etter dyreflokkane dei jakta på. Slik levde menneska i mange tusen år, heilt til dei byrja å dyrka jorda for rundt 12 000 år sidan. Då byrja ei ny tid som me kallar den yngre steinalderen.
Dei første husa
Då folk oppdaga at dei kunne dyrka mat og halda husdyr, byrja dei å byggja hus og bu fast på ein stad. Husa blei bygde av alle slags ting frå naturen, men oftast leire. Ei blanding av leire, halm og kumøkk blei klint på eit flettverk av kvistar – det gav sterke og tette veggar som heldt dei som budde der varme og tørre. Der det ikkje fanst tre, til dømes på Orknøyene, blei både hus og møbel bygde av stein.
Neolithic house
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!