Dårlege mattegen?
Synest du matematikk er strevsamt? Klarer du å finne gode løysingar på det du jobbar med? Spør nokon om hjelp, eller tenk litt kreativt. Det kan jo vere andre måtar å løyse den vanskelege oppgåva på.
Gutt sliter med matte
Vi er ikkje robotar
Vi skal ikkje gjere alt på same vis som alle andre eller lære i det same tempoet. Vi er ikkje robotar.
Du lærer best om du finn fleire måtar å løyse problema på.
I matematikk må ein prøve og feile mykje. Til alt hell er det slik i matematikk at det er mange ulike måtar å løyse ei oppgåve på. Du må berre finne ut kva som passar best for deg.
Ruteark
Kva er å streve?
Om du skal til toppen av eit fjell, må du ofte slite og streve litt. Eller tenk på då du freista å sykle fyrste gongen. Det klarte du nok ikkje på fyrste forsøket.
Men etter mange forsøk har ein lært å sykle. Når du fyrst har lært det, tenkjer du ikkje lenger over korleis du skal sykle. Det går av seg sjølv.
Ofte er det slik at når ein strevar, så er det berre noko ein ikkje meistrar – enno.
Sisyfos
Strev med matte
Fleire av oss strevar nok litt med matematikken. Ein finn ikkje alltid svara eller ser kva ein skal gjere. Det betyr at ein må streve litt.
Korleis du strevar, er viktig. Nokre gongar er det hjelp i å streve, andre gongar ikkje. Men å streve på ein god måte kan hjelpe deg med å kome vidare.
Men då må du ikkje gje opp!
Ruteark
Ineffektivt strev
“Eg er ein matematikar”
Når eg må streve,så lærer eg. Eg står på og gir ikkje opp. Ein må alltid freiste å kome vidare.
- Sjølv om det er vanskeleg, veit eg at eg vil klare oppgåva til slutt. Det tek berre litt lenger tid.
Ruteark
Puslespill 2
Kjelder:
- Aubert, Karl Egil; Aarnes, Johan F.: matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/matematikk
- Søraa, Roger A.: robot i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/robot
- hjernefabrikken.no (19.04.22): Hva er løsningen på de dårlige mattekunnskapene i landet?
https://hjernefabrikken.no/hva-er-losningen-pa-de-darlige-mattekunnskapene-i-landet/
- dyskalkuli i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/dyskalkuli
- forskning.no (19.04.22): Hvorfor er det så vanskelig med matte?
https://forskning.no/partner-oslomet-skole-og-utdanning/hvorfor-er-det-sa-vanskelig-med-matte/470617
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-