Trafikkreglane på sjøen
For at båtar ikkje skal kollidera, er det bestemte reglar for kven som skal vika (svinga unna), og kven som har forkøyrsrett. Mellom seglbåtar er det spesielle vikereglar. Dei lærer du viss du går på ein seglskule.
Seilbåt på sjøen
To seilbåter og en daycruiser
Sjømerke
For at du og alle andre skal unngå å køyra på grunn, er det plassert stakar, merke, vardar, båkar og fyr der det er mykje båttrafikk. Dei har ulike fargar: raude, grøne, svarte og gule.
Sjømerke med hytte i bakgrunnen
Hovudretninga til leia
På alle sjøkart vil du finna ei tjukk pil med ein raud sirkel på venstre side og ein grøn sirkel på høgre side. Denne pila viser deg hovudretninga til leia. Viss du køyrer den vegen pila viser, skal du ha raude merke på venstre (babord) side og grøne merke på høgre (styrbord) side. Viss du køyrer den andre vegen, er det motsett.
Sjøkart
Svarte og gule merke
Desse merka fortel deg om himmelretningane. Du skal køyra:
– på nordsida av nordmerket
– på sørsida av sørmerket
– på austsida av austmerket
– på vestsida av vestmerket
Det kan vera lurt å lagra eit bilete av desse merka på mobilen, så du kan sjekka det viss du blir usikker. Det er farleg å køyra på feil side av eit sjømerke!
Gule og sorte sjømerker
Lys fra lanterner
Reglane gjeld alle!
Akkurat som med biltrafikken er ein avhengig av at alle følgjer reglane, elles kan farlege situasjonar oppstå. Alle veit kor farleg det er å køyra feil veg på motorvegen, eller å ikkje ha på frontlyktene sine når det er mørkt. Sånn er det på havet òg! Du må læra deg reglane for å halda deg sjølv og andre trygge.
Hund med redningsvest
Kjelder:
- Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
PDF-utgiving
- Sjøfartsdirektoratet (07.08.2020): Båtførerprøven/båtførerbevis
https://www.sdir.no/fritidsbat/sertifikater/batforerbevis/
- Kystverket (07.08.2020): Lykter
https://www.kystverket.no/Maritim-infrastruktur/iala-standard/Lykter/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Redningsselskapet
-
Kartverket
-
Kystverket
-
Redningsselskapet
-
Redningsselskapet
-
Redningsselskapet
-