Fuglelivet langs kysten
Det nære forholdet mellom mennesket og naturen er viktig, og i Noreg er det mange spennande fugleartar som lever og hekkar (får fugleungar) langs kysten. Hald auga opne når du er på sjøen, så kanskje du kan kryssa av nokre av desse på lista di.
Ærfugl
Ærfugl er ein fugl i andefamilien som hekkar langs heile kysten i Noreg. Dei er gode symjarar, og kan dykka heile 60 meter ned i vatnet på jakt etter mat. Hannane er svarte på undersida og kvite på oversida, mens hoene er brune og spraglete på heile kroppen.
Skarv
Skarv er ein familie av ganske store fuglar som har lang hals og ein krum krok i enden av nebbet. I Noreg hekkar både toppskarv og storskarv frå Rogaland og opp til Troms og Finnmark. Skarven et mest fisk, og han viklar seg uheldigvis ofte inn i fiskegarna våre.
Terne
Terner er slanke fuglar som har spisse vengetuppar, halefjører og nebb. To terneartar hekkar i Noreg: makrellterne og raudnebbterne. Dei er elegante flygarar som elskar å skifta retning i lufta, og dei kan plutseleg finna på å stupa ned i havet for å fanga små fisk.
Lundefugl
Lundefugl høyrer til alkefamilien. Han er lett å kjenna igjen, med den svarte kroppen, dei kvite kinna og det store fargesprakande nebbet. Lundefuglen kan bli opptil 40 år gammal og lever mest på ein diett av sild. På grunn av overfiske har det vore vanskelegare å få tak i mat dei siste åra, og derfor blir han no rekna som ein trua art.
Grågås
Dei fleste gjæsene du finn på gardar rundt om i Europa, stammar frå grågåsa. Dei lagar reir på bakken i skjul av buskar og siv, og dei et berre planter. I gamle dagar trudde folk at måten grågåsflokkane flaug på når dei trekte sørover om hausten, kunne fortelja oss kor god avlinga ville bli.
Raudstilk
Raudstilken er ein liten snipefugl med brun kropp og raude bein. Han leitar etter mat i myrvatn og langs kysten, og både hannen og hoa rugar like mykje på egga.
Tjeld
Tjelden liknar litt på raudstilken, men han er større.
Han bråkar ganske mykje og hekkar langs heile norskekysten. Han bruker det lange tynne nebbet til å plukka etter blautdyr og skaldyr i fjøra, og det passar også godt til å opna skjel med.
Måke
Det finst mange måkar (eller måsar) som hekkar i Noreg. Nokre vanlege du kan støyta på er gråmåke, sildemåke, fiskemåke og krykkje. Nokre måkeartar søker etter mat nær oss menneske. Det gjer at mange meiner dei er glupske og frekke, men dette viser berre kor godt måkane tilpassar seg. Som alle andre dyr leitar dei berre etter mat der dei ser moglegheitene.
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images og Redningsselskapet – Youtube
-