Ulykker på havet
Når ulykka er ute, blir ein fort mint på kor ugjestmildt havet kan vera. Vatn og vind kan raskt gjera deg kald, og hamnar du uti, kan du raskt bruka opp alle kreftene dine berre på å halda deg flytande. Å vera sjøvand handlar om å vita kva slags utstyr du treng å ha med og på deg når du er ute i båt.
Seilere med redningsvester
Gutter sitter på kanten av en båt
Gode klede
Vêrmeldinga treffer ikkje alltid blink. Skal du ut på ein lengre tur, bør du derfor vera budd på vêrendringar, og ha litt ekstra tøy med i bagasjen. Det er ikkje bra å vera for kald lenge.
Regntøy
Den lettaste måten å halda seg varm på, er å halda seg tørr. Godt regntøy skal vera tjukt og litt stivt, slik at det ikke blir fuktig på innsida. Sjekk at saumane på regntøyet er skikkeleg tette. Det beste er ei jakke som er både vind- og vasstett.
Kjelder:
- Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
PDF-utgiving
Bilet- og videorettar:
-
-
Redningsselskapet
-
Getty Images
-
Redningsselskapet
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-