Knute på tråden
På sjøen bruker ein knutar til langt meir enn skolissene. Tau må til for å fortøya trygt, når ein skal festa seglduk og presenningar, sikra lasta om bord, og sjølvsagt heisa flagget. Det kan også dukka opp heilt uventa situasjonar der tauet er nyttig. Då er det viktig å kunna knyta ordentleg.
Kvifor ikkje berre knyta ein stor krøll?
Har du masse tau du kan bruka, er det freistande berre å knyta og surra til du er sikker på at alt sit godt fast. Men kva når du plutseleg er nøydd til å få opp knuten att i ein fart? Om du kan eit par gode knutar, og veit korleis du skal bruka dei, kan du raskt og enkelt festa alt du treng, og vera heilt trygg på at knuten ikkje sviktar deg. I tillegg er det mykje meir imponerande.
Tau
Kva er ein god knute?
Først og fremst skal ein knute vera sikker, så han ikkje losnar av seg sjølv. Men ein god knute er også laga slik at du lett kan få han opp når du ikkje treng han meir. I tillegg er det ikkje dumt om han er fin å sjå på. Får du til alt dette, er du på veg til å bli ein knutemeister.
Skøyteknutar
På sjøen treng ein ofte å binda saman to tau. Vi kallar det å skøyta. Kva knute du bør bruka til dette, er litt avhengig av korleis taua er.
Båtsmannsknop
Blir brukt til å knyta saman to tau som er like tjukke. Enkel å læra, rask å få opp att.
Båtmannsknop illustrert
Flaggstikk
Blir brukt til å knyta saman to tau som ikkje er like tjukke, for eksempel når du knyter fast flagglina til flagget.
Flaggstikk illustrert
Dobbelt flaggstikk
Treng du å gjera flaggstikket ekstra sikkert, kan du gjera ein ekstra runde med det tynne tauet.
Dobbelt flaggstikk illustrert
Josefineknute/karrakstikk
Blir brukt til å knyta saman to store, grove tau. Denne knuten blir brukt mest som dekorasjon i dag.
Josefineknute/Karrakstikk illustrert
Kjærleiksknute
Blir brukt til å knyta saman to tynne tau. Held godt når han blir strekt, og er lett å løysa.
Kjærlighetsknute illustrert
Fortøyingsknutar
Når du treng å binda båten fast i ein påle eller noko anna som står fast på land, er det greitt å kunna laga ei trygg lykkje. Desse knutane fungerer også for eksempel til å festa fenderar på sida av båten.
Dobbelt halvstikk
Blir brukt til å fortøya raskt og enkelt i ein påle. Ein stor fordel med dobbelt halvstikk er at du kan laga det sjølv om tauet alt er stramt. Men pass på: Viss tauet blir veldig slakt, kan stikket gå opp!
Dobbelt halvstikk illustrert
Pålestikk
Pålestikk er litt meir avansert enn dobbelt halvstikk. Denne knuten lagar ei trygg lykkje som ikkje går opp før du vil det.
Pålestikk illustrert
Stoppeknop illustrert
Kva slags tau er best?
Det meste av tau som blir brukt i dag, er kunstfiber (nylon), men vi bruker også ein del tau av naturmateriale (hamp, manila, sisal, kokos og bomull). Det er fordelar og ulemper ved begge. Kunstfiber er sterkt og blir ikkje øydelagt av å vera vått lenge, men det er laga av olje – ein ikkje-fornybar ressurs. Tau av kunstfiber blir heller ikkje brote ned i naturen, og endar ofte opp med å forsøpla hav og strender.
Måkerede
Kjelder:
- Sjøfartsdirektoratet (2016): Vannviktig
PDF-utgiving
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Skolerom
-
Getty Images
-