Ny geologisk epoke
Planeten vi bur på, har eksistert i 4,6 milliardar år, og mykje har endra seg på den tida. Kontinent har flytta på seg, klimaet har svinga, artar har kome og gått – og mennesket har oppstått. Spor etter alt dette ser vi i fossil og kjemiske signal som finst i jorda sine lag av bergartar. Dette har gjort det mogleg for geologar å dele historia til planeten inn i tidsepokar.
Holocen – «heilt nyleg»
Tidsepokane trias, jura og krit – då dinosaurane levde – er godt kjende. I dag lever vi i det som blir kalla holocen, som er gresk for «heilt nyleg». Denne epoken begynte for 11 700 år sidan, etter den siste store istida. Klimaet har for det meste vore stabilt, noko som har gjort det mogleg for oss å planleggje framtida og forbetre livsstilen vår drastisk ved å dyrke jorda, utnytte nye energiformer og byggje byar.
⬅ Mammuten døydde ut omtrent midt i holocen.
To mammuter som slåss med hverandre i en vinterlandskap
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!