Gutt teller fingre
Titalsystemet
0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9
Det vanlege talsystemet vi bruker, blir kalla titalsystemet, fordi det er bygd opp av ti ulike siffer. Med desse kan vi lage mange ulike tal.
Siffer er korleis vi skriv talet, mens tal er verdien – altså kor mykje det er av noko. Talet 25 består av to siffer: 2 og 5. Siffera 0-9 blir derfor brukte for å lage tal. Posisjonssystemet fortel oss kva slags verdi siffera har i talet. Talet 35 betyr 3 tiarar og 5 einarar.
Nokre gongar viser ikkje talet til ei mengde. Vi ser det i postnummer eller på ei resultatliste.
Ruteark
Jente løser mattestykker på tavle
Partal og oddetal
Vi deler tala inn i partal og oddetal. Eit partal kan du dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på partal er 2, 4, 6, 8, 10 og 12.
Eit oddetal kan du ikkje dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på oddetal er 1, 3, 5, 7 og 9.
Tenk deg at du har tre eple, og dei skal bli delte likt mellom deg og ein venn. Då må de dele det eine eplet i to for å dele likt, og 3 er derfor ikkje eit partal.
Ruteark
Arabiske tal
Siffera vi bruker for å lage tal, blir kalla for arabiske tal. Før dei arabiske tala vart tekne i bruk, brukte vi romartal. Det er mykje vanskelegare å bruke romartal enn arabiske tal når ein skal rekne eller vise store tal.
Året 2021 skrive med romartal ser slik ut: MMXXI. Der betyr M 1000, X betyr 10 og I betyr 1. Reknestykket blir dermed: 1000 + 1000 + 10 + 10 + 1 = 2021.
Ville du skrive MMXXI eller 2021?
Ruteark
Den utrulege nullen
0 er ganske fantastisk. Det er det einaste sifferet som ikkje har nokon verdi i seg sjølv.
Du kan setje 0 føre eit tal, og verdien av talet blir ikkje i det heile endra. Du kan leggje til eller trekkje frå 0, og svaret blir ikkje endra. Set du derimot 0 bak eit tal, aukar det i verdi med ein gong. Viss du set 0 bak 1, får du 10.
Når vi tel, ser vi at 0 ligg som eit naturleg skilje mellom dei negative og positive tala.
Null på kalkulator
Kjelder:
- Aubert, Karl Egil: tall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/tall
- dekadisk tallsystem i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/dekadisk_tallsystem
- Hofmann, Andrea: den kommutative lov i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå
https://snl.no/den_kommutative_lov
- partall – matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/partall_-_matematikk
- oddetall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/oddetall
- arabiske tall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/arabiske_tall
- null i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå
https://snl.no/null
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-