Gutt teller fingre
Titalsystemet
0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9
Det vanlege talsystemet vi bruker, blir kalla titalsystemet, fordi det er bygd opp av ti ulike siffer. Med desse kan vi lage mange ulike tal.
Siffer er måten vi skriv talet på, mens tal er verdien – altså kor mykje det er av noko. Talet 25 består av to siffer: 2 og 5. Siffera 0-9 blir derfor brukte for å lage tal. Talet 35 betyr 3 tiarar og 5 einarar.
Ruteark
Rekkefølgja er likegyldig
Når vi skal leggje saman tal, spelar ikkje rekkefølgja noka rolle. Om vi reknar ut 4+5 eller 5+4, så er svaret uansett det same.
Jente løser mattestykker på tavle
Partal og oddetal
Vi deler tala inn i partal og oddetal. Eit partal kan du dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på partal er 2, 4, 6, 8, 10 og 12. Eit oddetal kan du ikkje dele på 2 og få eit heilt tal. Døme på oddetal er 1, 3, 5, 7 og 9.
Tenk deg at du har tre eple, og dei skal bli delte likt mellom deg og ein venn. Då må de dele det eine eplet i to for å dele likt, og 3 er derfor ikkje eit partal.
Ruteark
Arabiske tal
Siffera som vi bruker for å lage tal, blir kalla for arabiske tal. Før dei arabiske tala vart tekne i bruk, brukte vi romartal. Det er mykje vanskelegare å bruke romartal enn arabiske tal når ein skal rekne eller vise store tal.
Ruteark
Den utrulege nullen
0 er ganske fantastisk. Du kan setje 0 føre eit tal, og verdien av talet blir ikkje endra i det hele tatt. Du kan leggje til eller trekkje frå 0, og svaret blir ikkje endra. Sett du derimot 0 bak eit tal, aukar det i verdi med ein gong. Viss du sett 0 bak 1, får du 10.
Null på kalkulator
Kjelder:
- Aubert, Karl Egil: tall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/tall
- dekadisk tallsystem i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/dekadisk_tallsystem
- Hofmann, Andrea: den kommutative lov i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå
https://snl.no/den_kommutative_lov
- partall – matematikk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/partall_-_matematikk
- oddetall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/oddetall
- arabiske tall i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå https://snl.no/arabiske_tall
- null i Store norske leksikon på snl.no. Henta 19. april 2022 frå
https://snl.no/null
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-