Algebraiske lover
Dei algebraiske lovene er reglar som viser korleis vi skal rekne. Dei viser samanhengane mellom addisjon (leggje til), subtraksjon (trekkje frå), multiplikasjon (gonge) og divisjon (dele). Vi har tre slike lover: kommutativ, assosiativ og distributiv lov.
Addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon blir kalla for matematiske operasjonar. I tillegg til desse har vi to til: parentes og eksponent.
Ein matematisk operasjon er derfor det same som ein framgangsmåte eller prosedyre.
Ruteark
Kommutativ lov
Denne lova handlar om addisjon (leggje til) og multiplikasjon (gonge).
Lova seier at viss vi har to tal, som vi kan kalle a og b, så gjeld følgjande:
- a + b = b + a
- a x b = b x a
Dette betyr at det ikkje spelar nokon rolle kva for ei rekkefølgje faktorane (a og b) kjem i. Med andre ord er 4 + 5 = 5 + 4.
Eller du kan sjå det som at å seie «eg har eit eple og ein appelsin», gir deg akkurat dei same fruktene som å seie «eg har ein appelsin og eit eple».
Ruteark
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!