1. verdskrigen

På begynnelsen av 1900-talet skjedde det store endringar i Europa, og Europa gjekk frå å vere små statar til å bli større land. Det førte til konfliktar og var oppstarten til 1. verdskrigen.

Accessibility icon 1. verdskrigen

Europa erobrar koloniar

Tyskland, Storbritannia og Frankrike var stormakter som ønskte å leggje under seg «resten av verda». Dei erobra land i Afrika og Asia for å skaffe seg koloniar. Koloniar er land som blir styrte av eit anna land. Dei som bestemmer, bur ofte i eit land langt unna.

Utnytta folket

Mange av dei som budde i koloniane, vart brukte som billig arbeidskraft. Dei jobba hardt mellom anna for å finne gull og for å dyrke bomull og kaffibønner. Det var mykje uro i koloniane, men det var uro i Europa som førte til 1. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.

Et annleis europakart

På starten av 1900-talet såg europakartet heilt annleis ut enn i dag. Store delar av Europa vart styrte av Storbritannia, Russland, Frankrike og Austerrike-Ungarn. Det var fleire folkeslag som ønskte å frigjere seg for å få sitt eige land. Spesielt i Austerrike-Ungarn.

Nasjonalisme

I ein slik prosess kunne det oppstå det vi kallar nasjonalisme. Det er ei kjensle av tilhøyrsle til eit område eller eit folk. Her i Noreg føler mange ei sterk nasjonalkjensle på 17. mai. Vi står samla som folk og nasjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt gulnet kart over Europa.
Gammelt gulnet kart over Europa.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!