Trass i gruppepress, dårlege førebilete, misvisande informasjon og vanskelege dagar – valet er ditt! Dette undervisningsopplegget er utvikla i samarbeid med Juvente. Det gir deg grunnlaget du treng til å ta gode val og høvet til å reflektera over haldningane dine til rus og rusmiddel, slik at du kan seia «Ellers takk!»
Kva påverkar haldningane våre til rus? Kvifor bruker nokon rusmiddel? Kva følgjer kan rusbruk få for den enkelte og samfunnet samla sett? Korleis ta gode val, finne stemma si og stå for valet? Her finn du undervisningsopplegg med artiklar, forteljingar, oppgåver og aktivitetar som fremjar refleksjon.
Comeback-kongen har alltid det rette, kjappe svaret på lur. Dei fleste av oss har opplevd å bli sett til veggs og mangla ein kjapp replikk når du treng det som mest – som til dømes når du vil seia «Nei takk!» til alkohol eller ulovlege rusmiddel. Kongen over comebacks er her for å hjelpa deg!
Oppgaver
Nedenfor finner du en rekke oppgaver og aktiviteter knyttet til undervisningsopplegget om ungdom og rus. Trykk på hvert bilde og les om hva oppgaven handler om før du går til oppgaven.
Ungdom og rus – forhåndsvisning – NN
Kva ser du?
Aktivitet – Har du lyst, har du lov?
Omgrep og assosiasjonar
Brev til ein ven
Comeback-kongen – Gode råd når livet luggar
Reisa til kokainen
Din eigen Comeback-konge!
Kva påverkar unges forhold til rus?
Sal og kjøp på nett og i sosiale medium
Snakk med nokon når livet er vanskeleg
Val får konsekvensar
Val 2: Rus i film og seriar
Val 1: Rus i musikken
Russe(u)kultur?
Kvardagslykke med Comeback-kongen
Eit bilete seier meir mer enn tusen ord
Omgrep
Val 3: Rus i sosiale medium
Kva bør hovudpersonen gjera?
Aktivitet – Sant eller usant
Aktuelle tekstar
For å ta gode val treng du påliteleg informasjon og høve til å reflektera. Her finn du artiklar i 3 lesespor og forteljingar som opplyser og oppklarer, og samtidig opnar for refleksjon. Trykk på teksten for å lesa meir om han.