Vi ere en nasjon vi med
Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Språkdebatt som engasjerte og frustrerte
På denne tida stod vi ved eit vegskilje, også når det gjaldt språket vårt. Vi var ueinige om kva for retning vi skulle ta. Dette førte til ein omfattande og til tider intens språkdebatt som starta på 1830-talet og enno går føre seg den dag i dag.
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
Henrik Wergeland
Forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var dei som først starta denne debatten. Dei var ueinige om mykje, som dikting, politikk og språk. Wergeland meinte sterkt at viss vi ønskte å vere eit demokratisk og patriotisk land, måtte vi bryte alle band med Danmark.
📷 Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Johan Sebastian Welhaven
Welhaven, derimot, meinte at landet burde bli styrt av eliten, og at vi hadde verdifulle kulturelle band med Danmark. Dei to leidde kvart sitt parti, Wergeland leidde «Norskdomspartiet», og Welhaven leidde «Intelligenspartiet».
📷 Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Peter Andreas Munch
Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kom med eit interessant forslag. Han foreslo å lage eit skriftspråk som likna på norrønt. Men det viste seg å vere for komplisert, for dette språket hadde folk for lengst slutta å snakke i Noreg!
📷 Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
Landsmål og riksmål
Har du høyrt om nynorsken og bokmålet sine fedrar? Vi kallar dei det, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Aasen kjempa for landsmål og Knudsen for riksmål. Begge hadde tydelege tankar om korleis vi skulle utvikle språket vårt vidare, men dei hadde forskjellige meiningar og tilnærmingar.
Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen
Ivar Aasen hadde en tydeleg idé om å byggje eit nytt norsk skriftspråk basert på dialektane i Noreg. Han reiste rundt i heile landet for å lære meir om dei forskjellige dialektane. Språket i byane interesserte han ikkje i det heile tatt. Han ville heller dra til landsbygda for å finne dialektar som ein kunne utvikle til eit felles skriftspråk. Han samla og organiserte dei ulike dialektane han fann, og i 1848 gav han ut «Det norske Folkesprogs Grammatik» og i 1850 «Ordbog over det norske Folkesprog».
📷 Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Knud Knudsen
Knud Knudsen hadde ein annan idé. Han meinte at skriftspråket burde byggje på den daglegtalen som eliten snakka i byane. I 1845 skreiv han artikkelen «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog». Der argumenterte han for at skrivemåten skulle vere basert på korleis dei danna menneska snakka. Skriftspråket skulle vere nær dansk og ta utgangspunkt i korleis eliten i det norske samfunnet snakka.
📷 Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Same mål, men ulik strategi?
Knudsen og Aasen hadde ulike strategiar i språkstriden, men begge hadde det same langsiktige målet. Knudsen kallar sin eigen strategi «Gradvishetens Vej», mens han kritiserer Aasen for å ønskje «Bråhastens Vej». Knudsen peikar på at det ville ha vore urealistisk for overklassa å akseptere Aasens språkform med ein gong. Han meinte at endringar mot eit reinare norsk språk måtte skje sakte, men sikkert.
En sti som deles til to stier i en skog
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Språk er identitet
Noreg er eit lite land med ein rik språkarv. Nynorsk eksisterer framleis, og det minner oss om korleis Noreg braut banda med Danmark og stod stolt på eigne bein som nasjon. Vi leitte i alle krokar av landet for å finne kva det vil seie å vere norsk – bondekulturen, naturen, folkedikting og folkemusikk. Og ikkje minst det mangfaldige norske språket. Språkdebatten viser kor viktig språket er for folk. Det kan knyte oss saman og skape ein felles identitet.
Multikulturell gruppe med ungdommer
«Vi ere en nasjon vi med»
Språket vårt er eit symbol på den store frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Kampen for språket var en viktig del av det å oppnå sjølvstende. Etter mange års kamp kunne vi endeleg stolt seie: «Vi ere en nasjon vi med!»
📷 Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Kjelder:
- Wessel, Elsbeth; Nesje Vestli, Elin Nesje Vestli: Johann Gottfried von Herder i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Johann_Gottfried_von_Herder
- Bull, Tove: Ivar Aasen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Ivar_Aasen
- språk i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/språk
- Europas historie (30.08.23): Herders filosofi
https://www.europas-historie.net/herder.htm
- Voldh, Thurid: nasjonalromantikken i Store norske leksikon på snl.no.
https://snl.no/nasjonalromantikken
- Bull, Tove: Knud Knudsen i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/Knud_Knudsen
- Vikør, Lars S.; Bolstad, Erik: jamstillingsvedtaket i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 30. august 2023 fra https://snl.no/jamstillingsvedtaket
- Språkrådet (30.08.23): Om oss
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/Om-oss
- Språkrådet (30.08.23): Noreg har fått ny språklov!
https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt/2022/noreg-har-fatt-ny-spraklov/
- Nasjonal digital læringsarena (30.08.23): Språkdebatt og språkpolitikk på 1800-tallet https://ndla.no/subject:1:f3d2143b-66e3-428c-89ca-72c1abc659ea/topic:4:187135/resource:1:129615
- Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
Oslo. Fagbokforlaget.
Bilde- og videorettar:
-
-
Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
-
W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom
-
Skolerom
-
Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
-
Cappelen / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
AdobeStock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-