Eldorado
– ein by av gull?
For å lære historia om Eldorado må vi lære litt om historia i Sør-Amerika. I denne artikkelen vil du lese litt om oppdaginga av Amerika, om urbefolkninga muisca-folket, og om ein innsjø full av gull.
Fantes det egentlig en by av gull langt inni Amazon-jungelen?
Kristoffer Columbus ankommer Amerika i 1492.
Europeiske oppdagere har funnet Amerika.
Urfolk
Eit urfolk er eit folk som budde ein stad før det vart til eit land sånn som vi tenkjer på land i dag. I Noreg er til dømes samane eit urfolk. Det urfolket vi skal lære meir om her, er muisca-folket. Det blir sagt at høvdingen til muisca-folket vart kalla El Dorado, som betyr ‘den gylne‘.
Høvdingen El Dorado – den gylne
Muisca-folkets leiar heitte Zipa. Det blir sagt at Zipa vart avkledd, smurd inn i leire og dekt av gullstøv. Deretter drog han til innsjøen Laguna Guatavita på ein flåte med masse gull. Då han kom til midten av vatnet, kasta han gullet uti og stupte etter han og. Vatnet skylte leira og gullstøvet av kroppen hans. Kanskje dette er grunnen til at Zipa vart kalla El Dorado eller den gylne?
Muisca-høvdingen Zipa full av gullstøv.
Skatten under vatn
Skatten på djupet av Laguna Guatavita var kjempestor. Og mange ville ha han. Nokre prøvde å tømme sjøen for vatn med bøtter. Andre prøvde å grave kanalar ut frå sjøen. Men det var ikkje så lett, og det var vanskeleg å få med seg alle skattane. Til slutt var det ein som klarte å grave ein tunnel inn frå sida av eit fjell og dermed tømme sjøen for masse vatn. Han fekk med seg mange skattar, men ikkje alle. Og dei skattane som vart igjen, ligg no under storkna leire så hard at det er umogleg å finne dei!
En regnbue går over en liten innsjø i jungelen.
Muisca-flåte i gull – en av skattene etter El Dorado.
Denne artikkelen er laga i samarbeid med
Artikkelen har til hensikt å gi elevar eit betre refleksjonsgrunnlag i samband med Brageteatrets forestilling «Eldorado». Forestillingen er ein del av Den kulturelle skulesekken og blir spelt i første omgang for 1.–4. trinn våren 2023.
Kjelder:
- Culture Trip (01.02.2023): The Mystery Behind the Lake of Fool’s Gold, Colombia
https://theculturetrip.com/south-america/colombia/articles/the-mystery (…)
- Wikipedia (01.02.2023): El Dorado
https://en.m.wikipedia.org/wiki/El_Dorado
- Restall, Matthew; Fernandez-Arnesto, Felipe:
The Conquistadors: A Very Short Introduction (2011)
Oxford University Press Inc
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjourney (AI)
-
Dióscoro Puebla
-
Midjourney (AI)
-
Midjourney (AI)
-
Midjourney (AI)
-
Midjourney (AI)
-
young shanahan – Flickr
-