Psykt deg med Maria:
Det passar meg ikkje ❤️
Synest du det er vanskeleg å seie «nei»? Mange hamnar i situasjonar der dei gjer ting som strir imot eigne ønske og verdiar. Uavhengig av om det er ei stor greie eller berre småting, så kan det gå ut over eiga tilfredsheit og sjølvkjensle. 😥
Du er ikkje mindre verdt!
Viss du alltid set eigne behov til side til fordel for andres, fortel du deg sjølv at andres behov er meir verdt enn dine. Det kan på sikt gi deg ei oppleving av at du er mindre verdt enn andre. Og det er du ikkje! Du har berre ein annan personlegdom, og kanskje vanskar med å setje grenser for deg sjølv. Det kan vere at du har låg sjølvkjensle.👩⚖️
Papirbakgrunn
Bygg relasjonen
Når vi seier «nei», treng ikkje det nødvendigvis å bety at du avviser vedkommande. Det kan bety at du verdset deg sjølv og relasjonen såpass mykje at du ønskjer at vedkommande skal kjenne til grensene dine. Det vil nemleg vere ei god investering i relasjonen på sikt. 👬
Papirbakgrunn
Tenk på deg sjølv
Å vere villig til å hjelpe andre er bra for den psykiske helsa vår. Men vi må òg ha overskot sjølve. Nokre gongar er det «help yourself before helping others» som gjeld. ✈️
Sikkerhet ombord i fly
Set grenser – og fortel om dei
Ikkje la andre utnytte at du ønskjer å vere grei. Nokre gongar veit dei ikkje sjølve at dei utnyttar det, og dei hadde nok sett pris på å få vite at dei trakkar over grensene dine. Dei rundt deg kan ha vorte vane til at du alltid seier «ja», og held derfor fram å ta seg til rette rundt det dei opplever som velviljen din. 💙
Papirbakgrunn
Eit «nei» kan bety fleire ting:
- Eg verdset relasjonen vår såpass mykje at eg ønsker at du blir betre kjent med meg. ❤️
- Eg trur at du toler å høyre eit «nei», og eg trur ikkje at det vil øydeleggje relasjonen vår. ❤️
- Eg respekterer oss begge to. ❤️
- Sidan eg seier «nei» no, betyr det at eg verkeleg meiner «ja» når eg seier «ja». ❤️
Mørk grov bakgrunn
Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel
Foto: Cecilie Nilsen / Lister24
Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock