Orkanar og tornadoar

Orkanar og tornadoar er sterke naturkrefter som kan ha store og alvorlege konsekvensar. I takt med global oppvarming og klimaendringar aukar også styrken på desse stormane.

Accessibility icon Orkanar og tornadoar

Orkanar

Orkanar er toreskyer som vert danna over tropiske hav. Dei kan verta veldig kraftige, og dei tek med seg sterk vind, piskande regn og store bølgjer.

Orkan på vei mot Amerika

Visste du at …

… meir enn 1800 menneske døydde då orkanen Katrina trefte USA i 2005? Byen New Orleans vart særleg hardt ramma.

… i 2012 vart austkysten av USA treft av orkanen Sandy? Stormen gjorde skade for milliardar av kroner.

… i 1992 feia orkanen Andrew over Bahamas og USA? Vinden rørte seg i over 280 km i timen og førte til store skadar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Stormflo

Stormflo er den mest øydeleggjande delen i ein orkan. Stormflo vert til når virvelvinden i orkanen lyfter havflata opp. Viss ho treffer land, kan ho skapa enorme øydeleggingar. Orkanar øydelegg bygningar og skadar strender, vegar og bruer ved kysten.

Seilbåter strandet på grunn av Hurricane Irma Key West
Seilbåter strandet på grunn av Hurricane Irma Key West

Orkanen Katrina

23. august 2005 kom orkanen Katrina over Bahamas. Seks dagar seinare trefte han kysten over USA. Dette førte til store overfløymingar, spesielt i byen New Orleans. Totalt tok orkanen Katrina 1833 menneskeliv.

Orkan Katrina ødeleggelse
Orkan Katrina ødeleggelse

Menneskeleg påverknad

Forskarar er einige om at orkanane har vorte kraftigare, og at det kan forsetja å verta verre under ei global oppvarming.

Store bølger
Store bølger

Tornadoar

Tornadoar er torevær som oppstår over land når varm og kald luft krasjar. Då kan det dukka opp høge søyler av vind som går frå bakken og opp til ei toresky.

Tornado
Tornado

Visste du at ... 

tornadoen har ein «snabel»? Denne snabelen samlar opp, kvervlar rundt, og knuser mykje av det han treffer.

 … jo varmare lufta er, dess større vert den loddrette rørsla som «startar opp» tornadoen?

… ein tornado lagar mykje lyd, og du vil kunna høyre at han dundrar, brakar og susar?

… tornadoar kan sjå litt ulike ut? Dei største er dei som oftast står for mest øydelegging. I gjennomsnitt tek tornadoar 60-80 menneskeliv kvart år i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Stormskyer
Stormskyer

Storm i Noreg