Frostsprenging
Dei ytre kreftene endrar ikkje jorda like dramatisk som dei indre kreftene. Vêr og vind endrar sakte jordoverflata. Vind og sand sliper sakte ned fjell, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bitar av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.
Solsprenging
Viss sola varmar opp stein mykje om dagen, og det er kaldt om natta, vil steinen utvide seg og trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla solsprenging.
Vind og vatn fraktar med seg slike lause bitar av stein og mineral vidare. Det at bitar blir brotne laus og frakta bort, blir kalla for erosjon.
Dalar
Elver og bekkar grev seg gradvis ned i stein og kan skape dalar, grotter og holer. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.