Modernisme: Støyande, forvridd, flaut og ubetydeleg?

«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den …» Slik innleiar forfattaren Knut Hamsun den aller første modernistiske romanen i norsk litteratur.

Accessibility icon Modernisme: Støyande, forvridd, flaut og ubetydeleg?

Sult

Romanen «Sult» endra måten ein skreiv litteratur på i Noreg, og han starta det vi kallar den modernistiske tradisjonen. Romanen handlar om ein forfattar utan namn som slit både fysisk og psykisk. Tittelen «Sult» er symbolsk for både den fysiske svolten hovudpersonen lid av, og hans eksistensielle svolt etter å finne ei djupare meining i livet.

Frognerveien, Kristiania
Frognerveien, Kristiania

Store endringar i samfunnet

Romanen «Sult» var veldig viktig då han blei gitt ut i 1890. Han var ny og annleis, både her i Noreg og i andre land. Litteraturen handlar ofte om samfunnet rundt oss, og på slutten av 1800-talet skjedde det store endringar her i landet. Fabrikkar og industri voks fram, og fleire og fleire menneske fekk meir fridom og fleire moglegheiter.

I denne boka møter vi ein hovudperson som kjenner seg tom og aleine. Han kjenner på ein slags svolt etter noko meir i livet. Mange forfattarar på den tida skreiv om menneske som hadde det på same måten. Det var ein måte å vise korleis folk kunne føle seg på, i ei verd som forandra seg så fort.

Modernistisk litteratur var veldig annleis enn det folk var vande til. Han kunne vere sjokkerande, uforståeleg, høglytt og rar. Modernistane prøvde å finne ein ny måte å skrive på som var nærare den verkelege verda. Dei eksperimenterte med måten dei fortalde historiene på, korleis dei skildra karakterane, kven som fortalde historia, og kva historiene handla om. På den måten braut dei med den vanlege måten å skrive på og skapte noko heilt nytt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk

Modernisme i lyrikken – meiningslaust snikksnakk

Etter den andre verdskrigen begynte det å komme meir og meir moderne dikt. Dette gjorde mange i diktarmiljøet i Noreg veldig opprørte. Ein diktar som heitte Arnulf Øverland, var spesielt kritisk og sa blant anna at dei moderne diktarane skreiv «meiningslaust kladd, rabbel og snikksnakk».

📷   Arnulf Øverland / Nasjonalbiblioteket

Øverland heldt ein tale der han kritiserte den moderne måten å skrive dikt på. «Ja, så satt de der og strevde, og fikk det ikke til. Det de skrev, ble så flaut og ubetydelig. De strøk det ut og prøvde å få sagt det på en original måte; men da ble det meningsløst. Hva skulle de gjøre? De måtte dikte, for de var jo diktere! Situasjonen var desperat.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Arnulf Øverland med en spade i hånden og en hund ved siden av seg, stående foran en låve.
Arnulf Øverland med en spade i hånden og en hund ved siden av seg, stående foran en låve.

Tungetaledebatten

Øverlands foredrag starta ein viktig diskusjon som blir kalla tungetaledebatten. Tungetale er eit omgrep som blir brukt i religiøse miljø. Det er ein spesiell måte å snakke eller be på, der andre ikkje kan forstå det ein seier.

Øverland var helt ueinig i den moderne måten å skrive dikt på. Han meinte at dikta var veldig vanskelege å forstå. Han meinte at dikta skulle ha ei fast form, rim og rytme. Ein skulle ikkje behøve å gjette seg til kva diktet handla om. Det skulle vere samanhengande og ha ein tydeleg bodskap. Mange var einige med Øverland, blant andre den kjende lyrikaren André Bjerke. Men det var også lyrikarar som Erling Christie og Paal Brekke som argumenterte imot Øverland.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

La dei halde på

«La de unge holde på inntil de selv oppdager at det kan være en fordel å skrive slik at publikum forstår.» Vel, Øverland fekk rett i at dei unge heldt på. Men at dei innsåg at den tradisjonalistiske diktinga var betre, skjedde ikkje. Trass i motstand og sterk kritikk kom det nemleg meir og meir modernistisk lyrikk på midten av 1900-talet. På sekstitalet var den modernistiske diktinga godt etablert i Noreg.

📷   Portrett av lyrikeren Paal Brekke / Offentlig eiendom

 

Portrett av Paal Brekke med en sigarett i hånden og bokhyller i bakgrunnen

Som i ein kinosal

Paal Brekke, som var ein forkjempar for den modernistiske diktinga, skreiv blant anna det kjente diktet «Som i en kinosal». Under kan du lese eit utdrag:

Hysj! Så ut med Dem
på hodet gjennom døren,
ut
men bare inn i en kinosal,
nøyaktig
maken, og den samme filmen
Kjører de den forlengs eller baklengs
Hysj. Og kontrolløren og det hele om
igjen, opp trappene ut igjen,
men alltid bare inn igjen

Paal Brekke, Det skjeve smil i rosa, 1965

Dette diktet er modernistisk på fleire måtar.

  • Først og fremst er det skrive på ein moderne måte, utan fast mønster eller rim. Det er mange rare pausar og teiknsetjingar som ikkje verkar logiske. Kanskje det er for å vise kor forvirra hovudpersonen i diktet er?
  • I tillegg handlar diktet om ein person som er forvirra og kjenner seg framandgjort. Plutseleg er han i ein kinosal utan å skjønne kvifor han er der, kva han skal sjå, eller korleis han skal komme seg ut. Han kjenner seg fanga i ein evig runddans og klarer ikkje å komme seg ut av situasjonen.

Ein kan tolke dette diktet på fleire måtar. Kanskje handlar det først og fremst om å kjenne seg framand i eit samfunn som heile tida er i endring?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Publikum som ser mot et lerret i en kinosal fra 1935
Publikum som ser mot et lerret i en kinosal fra 1935

1890 versus 2023

Samfunnet har forandra seg mykje sidan 1890. No lever vi i ei tid der vi er avhengige av internett og sosiale medium. Vi bur i eit land med gratis skule og helsevesen. Vi kan reise rundt i verda og oppleve ulike kulturar. Smarttelefonar er viktige for oss, og vi trur at kunstig intelligens kan svare på nesten alt.

📷   Portrett av Sigbjørn Obstfelder / Nasjonalbiblioteket

Men sjølv om ting har forandra seg, er det mange som framleis kjenner seg framande og tomme, akkurat som i modernistane si tid. Derfor er modernistisk litteratur framleis relevant i dag. Kanskje kan du til og med kjenne deg igjen i diktet «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder, sjølv om det blei skrive for over 100 år sidan?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Sigbjørn Obstfelder
Portrett av Sigbjørn Obstfelder

Jeg ser

Jeg ser på den hvide himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.

Dette er altså verden.
Dette er altså klodernes hjem.

En regndråbe!

Jeg ser på de høie huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.

Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.

De gråblå skyer samler seg. Solen blev borte.

Jeg ser på de velklædte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende hester.

Hvor de gråblå skyer blir tunge.

Jeg ser, jeg ser …
Jeg er vist kommet på en feil klode!
Her er så underligt …

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Regndråper på et vindu med sol, skyer og himmel i bakgrunnen
Regndråper på et vindu med sol, skyer og himmel i bakgrunnen

Kjelder:

  • Undheim, Inga Henriette: Sult i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 11. september 2023 fra https://snl.no/Sult
  • Øverland, Arnulf : Tungetale fra Parnasset (1953)

Bilde- og videorettar:

    1. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    2. Getty Images
    3. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    4. Getty Images
    5. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    6. Getty Images
    7. Nasjonalbiblioteket / Flickr: Portrett av Sigbjørn Obstfelder, 1900 (CC BY 2.0)
    8. Getty Images