Kvifor var Narvik så viktig?

Visste du at det første nederlaget til Hitler under 2. verdskrigen skjedde i Noreg? Det skjedde i byen Narvik som ligg nord i Noreg. Men kvifor var Narvik så viktig? Svaret er jern.

Narvik under 2. verdenskrig
Narvik under 2. verdenskrig

Alle trong jern

Jern er ein viktig ressurs for oss. Bare tenk deg alt vi bruker jern til. Jern blir utvunne av jernmalm som finst i fjellet eller i myrer. Med sterk varme smeltar ein jernet ut av malmen. På 1800-talet vart det utvunne mykje jernmalm frå fjella i Kiruna i Sverige, men det var vanskeleg og kostbart å eksportere det til andre land.

Jernbanen forandra alt

Derfor blei Ofotbanen bygd mellom Kiruna og Narvik, slik at malmen kunne fraktast med jernbane. I fjorden utanfor Narvik fraus ikkje vatnet til is om vinteren, og jernmalmen kunne bli utskipa heile året til resten av verda. Jernmalmeksporten skapte mange arbeidsplassar, og Narvik utvikla seg til ein by i 1902.

📷  Postkort frå cirka 1930 med Norddalsbrua på Ofotbanen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sort hvitt postkort av en jernbanebro på Ofotbanen
Sort hvitt postkort av en jernbanebro på Ofotbanen

Hitler ville ha jernmalmen

Då Tyskland angreip og okkuperte Noreg i 1940, var ei av årsakene behovet for jernmalm. Dei trong det for å produsere krigsmateriell. Gjennom å okkupere andre land fekk Tyskland tak i ressursar dei mangla eller hadde for lite av. Dei hadde nok kol, men mangla andre vitale råvarer.

Olje og jern

I Sovjetunionen fanst det store forekomstar av olje. Alle køyretøy, fly og skip har behov for olje og drivstoff. Det var ei av årsakene til at Tyskland ville okkupere Sovjetunionen. Dei allierte, fiendane til tyskarane, måtte for einkvar pris unngå at Hitler fekk det han ønskte. Slaget om Narvik vart dermed ein kamp om ein avgjerande ressurs. Tyskland trong jern blant anna for å produsere krigsfly.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Krigsfly på himmelen under Battle of Britain under 2. verdenskrig
Krigsfly på himmelen under Battle of Britain under 2. verdenskrig

Tyskarane vart drivne ut av byen

Om morgonen den 9. april 1940 starta slaget om Narvik. Då vart byen invadert av 8000 tyske soldatar som kom både via krigsskip og på land. Dei var talmessig underlegne, for dei norske og allierte styrkane var på over 35 000 soldatar! Dette styrkeforholdet gjorde at tyskarane vart nedkjempa i løpet av nokre veker.

Dei allierte klarte å senke alle dei tyske krigsskipa, og sigeren låg innan rekkjevidde. Tyskarane vart drivne ut av byen, mot svenskegrensa, men tyske bombefly påførte byen stor skade. Kampane bølgja fram og tilbake, men den 28. mai hadde dei allierte gjenerobra byen.

📷  Narvik vart kraftig bomba av tyske fly i 1940.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Narvik by ble bombet under 2. verdenskrig
Narvik by ble bombet under 2. verdenskrig

Gleda vart kortvarig

Gjenerobringa av Narvik vart sett på som krigens første store siger over Tyskland, og dette fekk stor merksemd internasjonalt. Var ikkje tyskarane uslåelege likevel? Men gleda og letten over å ha slått tilbake ein mektig fiende, vart kortvarig.

I løpet av slaget hadde nemleg Frankrike opplevd nederlag langs eigen front. På grunn av dette trekte dei allierte seg ut frå Nord-Norge den 8. juni for å kjempe mot tyskarane andre stader. Sjølv om tyskarane hadde blitt slegne tilbake, stod dei no klare for å overta byen på nytt. Dei norske styrkane kunne ikkje forsvare seg åleine.

📷  Tyske bergjegerar i kamp om Narvik.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tyske soldater, såkalte bergjegere, under 2. verdenskrig
Tyske soldater, såkalte bergjegere, under 2. verdenskrig

Siger trass i tap

Det blir sagt at slaget om Narvik var det største store nederlaget til Hitler under 2. verdskrigen, men til sjuande og sist klarte tyskarane å overta byen fullstendig. For tyskarane var ikkje slaget om Narvik eit unikt slag, men ein del av angrepet på Noreg. Ja, dei møtte sterk motstand, men dei endte opp med å okkupere Noreg i fem år.

Kampen om Narvik vart eit tilbakeslag for tyskarane, men samtidig ein sterk symbolsk siger sidan dei var talmessig underlegne. Dei mista store delar av krigsmarinen sin, og dette tapet gjorde at tyskarane ikkje fekk gjennomført den planlagde invasjonen av Storbritannia. Dét vart heilt avgjerande for den vidare gangen i krigen, og derfor vart til slutt kampen om Narvik ein slags siger også for dei allierte.

📷  Den tyske marinen mista fleire jagarar under sjøslaga om Narvik.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vraket av Bernd von Arnim, en av jagerne den tyske marinen mistet under sjøslagene om Narvik
Vraket av Bernd von Arnim, en av jagerne den tyske marinen mistet under sjøslagene om Narvik

Betydninga av slaget

Dei allierte lærte mykje av slaget om Narvik, og dei brukte noko av denne lærdommen under planlegginga av D-dagen i 1944. Då starta dei allierte invasjonen av Normandie i Frankrike, og det skulle bli eit vendepunkt under 2. verdskrigen. Aldri hadde nokon samla ein større hær for å slå tilbake ein fiende. Med invasjonen av Normandie klarte dei allierte sakte, men sikkert å gjenerobre Vest-Europa. Frå aust kom russarane og tvinga tyskarane tilbake derfrå. No måtte tyskarane kjempe på to frontar.

Slaget om Narvik hadde stor betydning for befolkninga i nord. Enkle fiskarbønder klarte å føre offensive operasjonar mot elitesoldatane til Hitler, som igjen kan ha inspirert andre grupper til å stå opp mot tyskarane.

📷  Amerikanske soldatar under invasjonen av Normandie 6. juni 1944 – den såkalla D-dagen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amerikanske soldater gjøre seg klare til å invadere stranden i Normandie under 2. verdenskrig
Amerikanske soldater gjøre seg klare til å invadere stranden i Normandie under 2. verdenskrig

Kampen om ressursar

Gjennom heile historia vår har kampen om ressursar vore viktig. Nokre land manglar naturlege og livsviktige ressursar. Kampen om ressursane kan ofte vere ei årsak til konflikt. Både fordi befolkninga i verda aukar og fordi klimaet endrar levevilkåra i store delar av verda.

Alle land har behov for ressursar, men ikkje alle har det naturleg i sitt eige land. I ytste konsekvens kan eit land ta seg til rette med militær makt og erobre område med livsviktige ressursar. Akkurat slik Hitler og Tyskland gjorde det i Narvik og andre stader under 2. verdskrigen.

Kan du komme på nokre konfliktar i verda der ressursar står på spel?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørke silhuetter av et helikopter, en tanks og en soldat med gevær og nattkikkert foran en solnedgang.
Mørke silhuetter av et helikopter, en tanks og en soldat med gevær og nattkikkert foran en solnedgang.

Kjelder:

  • Thorsnæs, Geir: Narvik i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/Narvik
  • Knudsen, Olav Fagelund; Hansen, Ketil Fred; Ryste, Marte Ericsson; Hovde, Kjell-Olav; Steen, Tone; Greve, Tim: kolonialisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/kolonialisme
  • Norseng, Per G.: trell i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/trell
  • Steen, Tone; Hansen, Ketil Fred: slaveri i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/slaveri

Bilde- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Nasjonalbiblioteket
    3. Getty Images
    4. Nasjonalbiblioteket
    5. Deutsches Bundesarchiv
    6. Anders Beer Wilse / Norsk Folkemusem
    7. U.S. National Archives
    8. Getty Images