CHRISTINA SNAKKAR OM IDENTITET:

Kjønn er meir enn gut eller jente

Sjå for deg eit par stolte foreldre som nettopp har fått barn. Dei får meldingar på mobilen og fine kort, der det står «gratulerer med ei nydeleg jente» eller «hurra for ein flott gut». Og kanskje verkar det heilt normalt at gratulasjonskorta og ballongane er rosa til ein jentebaby og blå til eit gutebarn? For det er jo slik vi er vande til å skilje mellom kjønn.

Kva er eigentleg kjønnsidentitet?

Ved fødselen blir dei fleste registrerte som jente eller gut. For å forstå kva kjønnsidentitet er, må vi klare å skilje mellom kjønn, som i kjønnsorgan, og identitet. For identiteten din er jo mykje meir enn det du har i trusa!

Kjønnsidentitet handlar om kven du kjenner at du er på innsida, korleis du ser på deg sjølv, og korleis du ønskjer å bli oppfatta av andre. For veldig mange samsvarer kjønnsidentiteten med kjønnet dei vart registrerte med ved fødselen, men det gjeld ikkje alle.

Rosa og lyseblå babypynt.
Rosa og lyseblå babypynt.

Kva slags forventingar er knytte til kjønnet du vart fødd med?

Allereie som nyfødde blir gutebarn kledde i blått og jentebarn i rosa. Desse forventingane om kven vi skal vere, korleis vi skal oppføre oss og kle oss – basert på kva vi har mellom beina –  møter oss gjennom heile livet.

Kva forventingar som er knytte til kjønn kjem du på?

Vi ser på enkelte fargar som «jentefargar» og «gutefargar» sjølv om fargar ikkje har kjønn. Det blir forventa at jenter er sårbare og gutar er tøffe. Ofte passar vi inn i mange av desse stereotypiane, men ikkje alltid. Alle er ikkje like, og det hadde vore frykteleg kjedeleg om vi var det! Det er mykje i samfunnet som baserer seg på tanken om at alle er hetero og kjenner seg som kjønnet dei vart fødde med, då kan det kjennast vanskeleg å vere noko anna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.
Barneleker, en dukke, lekebil, komfyr.

Gamle kjønnsroller heng igjen

At det følgjer så mange forventingar til kjønnet vårt, handlar i stor grad om kjønnsroller. Det som blir sett på som «vanleg» lenge, blir til kjønnsnormer det kan vere vanskeleg å bryte med. Heldigvis går verda framover! Her er nokre døme på det:

Fram til 1972  var det straffbart å vere homofil i Noreg.

Kvifor skulle lova bry seg om kven som er glade i kvarandre?

Før 1910 hadde ikkje kvinner stemmerett på lik linje med menn i Noreg, og dei var forventa å «halde seg på kjøkkenet». 

.. Kvifor var det slik, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.
Demonstrasjonstog. Plakater hvor det står: kjærleik for alle, like rettigheter, love is love.

Endring tar tid

Mange normer og uskrivne reglar for korleis vi skal kle oss og oppføre oss, baserte på kjønn, heng framleis igjen i samfunnet. Hadde vi godteke at «sånn skal det vere, for sånn har det alltid vore», hadde vi aldri bevega oss framover.

Kjønnsidentitet er personleg

Nokre menneske har ein kjønnsidentitet som bryt sterkt med det samfunnet forventar. Til dømes finst det jenter som vart registrerte som gut ved fødselen og har vorte oppdregne som gutar. Det er opp til kvar enkelt å bestemme sin eigen identitet. Dersom ein person identifiserer seg som jente, så er ho ei jente uansett korleis kroppen hennar er skrudd saman.

I 2016 kom det ei lov som seier at ein har rett til å endre juridisk kjønn dersom ein opplever å tilhøyre eit anna kjønn enn det ein er registrert med i folkeregisteret.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjønnsmangfald

Det er veldig vanleg å vere hetero og ciskjønna, men det er òg naturleg at fleire kjenner det er feil å skulle passe inn i rolla som følgjer med det medfødde kjønnet sitt. Kjensla av kjønn stemmer nemleg ikkje alltid overeins med det som står på papiret.

Kva vil det seie å vere ciskjønna?

Det vil seie at du identifiserer deg med det kjønnet du vart registrert med då du vart fødd. Ein cismann vart tildelt kjønnet gut ved fødselen og identifiserer seg med å vere ein mann. Ei ciskvinne vart tildelt kjønnet jente ved fødselen og identifiserer seg med å vere ei kvinne.

Kva vil det seie å vere trans?

Det vil seie at du ikkje identifiserer deg med kjønnet du vart registrert med då du vart fødd. Ein transperson kan oppleve seg som kvinne, mann, ikkje-binær eller andre kjønnskategoriar. Nokre transpersonar ønskjer ikkje å identifisere seg med kjønn.

Kva vil det seie å vere ikkje-binær?

Det vil seie at ein ikkje identifiserer seg som verken mann eller kvinne. Ein person som er ikkje-binær, kan ha ein kjønnsidentitet som flyt mellom fleire kjønn – eller ingen av dei.

Kva vil det seie  å vere ein ally?

Det vil seie å vere ein alliert eller ein heia-person for alle som bryt med normer for kjønn og seksualitet. Ved å vise støtte, respekt og interesse, bidreg du til eit trygt miljø for andre.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ulike buttons med logo og farger.
Ulike buttons med logo og farger.

Han, ho, hen, dei?

Personlege pronomen beskriv kven vi snakkar om, til dømes «ho» eller «han». Orda «ho» og «han» seier noko om kjønnet til den vi snakkar om. Men kva om du ikkje er sikker på kjønnsidentiteten til personen? Det enklaste er å spørje kva pronomen dei sjølve brukar. Ved å spørje viser du både at du respekterer kjønnsidentiteten til personen, og at du ønskjer å bruke dei rette orda når du snakkar til eller om dei. Mange brukar «hen» eller «dei/dei», som er kjønnsnøytrale personlege pronomen.

Det er ikkje så vanskeleg å bruke rett pronomen, men det kan vere uvant til å begynne med. Litt på same måten som når ein prøver å hugse eit nytt namn, må ein gjerne øve på å bruke eit personleg pronomen ein ikkje er vand med å bruke. Skulle du gleppe og seie feil, korriger deg – og prøv igjen! Det er ei vanesak og noko alle meistrar med litt øving.

Mange vel å skrive sine eigne personlege pronomen på toppen av profilen sin i sosiale medium, både for å gjere det enkelt for andre, men også for å vise at dei er ein ally.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.
En illustrert figur med grønn hettegenser, blå jakke og en regnbuebutton på jakka.

Vil du snakke med nokon?

Psssst! Viss du kjenner at kjønnet du vart fødd med, ikkje kjennest rett, eller om du  lurer på andre ting om kjønnsidentitet, er det fint å snakke med ein vaksen du stolar på om det.

Treng du nokon å snakke med? ung.no har samla ei liste over gratis chat og telefontenester du kan ta kontakt med . Du kan vere anonym, og det kostar ingenting. ❤️

 

Skrive av Christina Fraas

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Christina Fraas?

Christina er samfunnsengasjert og kjem med konkrete tips om korleis du kan leve meir berekraftig i kvardagen, samtidig som du lever ditt beste liv. Ho vart nominert til Plan sin Jentepris i 2019, 2020 og 2022 for sitt bidrag i kampen om rettane til kvinner, og ho var semifinalist i VIXEN Influencer awards for «årets sterke meining» i 2019 og 2021. Ho står òg bak prosjektet 1000historier på Instagram.

Kjelder: