Kva er ein regnskog?
Sjølv om dei dekker berre seks prosent av overflata til jorda er dei heim til over halvparten av dyreartene til jorda. Bli med inn i den mystiske regnskogen!
Regnskogen
Med det overveldane rike dyrelivet, er regnskogane heilt unike. Regnskogar finn ein på alle kontinenta, utanom Antarktis.
Kvart år får regnskogen opp mot 2000 millimeter regn. Regnskogen er veldig viktig for helsa til jorda, og vert difor kalla «lungene til jorda».
Fleire typar regnskog
Det finst fleire typar regnskog. Tropisk regnskog finst i tropane, nær ekvator. Der er det varmt og fuktig heile året. Subtropisk regnskog finn du nord og sør for dette beltet, der det framleis er varmt, men noko turrare.
Temperert regnskog finst eit stykke frå tropane, ofte ved kysten. Der er det mykje fukt, varmt om sommaren og kaldt om vinteren. Begge typane regnskog er veldig fuktige stadar med mykje sollys og varme.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Logg inn med FeideØnsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!