Frivilligheit
Ordet «frivilligheit» inneheld to ord: fri og villig. Når du gjer noko heilt frivillig, gjer du det av fri vilje og ventar inga løn for innsatsen. Men kanskje kan du oppnå noko anna?
Kvart år blir ofte via til eit spesielt prosjekt eller ein verdi. FN har bestemt at året 2022 skal viast til frivilligheit.
Eit eige år og ein eigen dag
Frivilligheita har altså fått sitt eige år, men har òg sin eigen dag. 5. desember kvart år deler vi i Noreg ut Frivilligheitsprisen. Prisen blir gitt til ein person eller ei gruppe som har merkt seg spesielt ut når det gjeld frivillig arbeid.
Når FN bestemmer seg for å vie frivilligheita eit heilt år og gi den ein årleg merkedag, er dette fordi organisasjonen ønskjer meir merksemd rundt temaet.
Målet for frivilligheitsåret
Ei av hovudmålsetjingane til FN er å skape fred i verda. Og frivillig arbeid kan vere eit viktig bidrag for å auke medmenneskelegheit og gjensidig forståing. Frivilligheit kan vere eit steg i rett retning mot ei betre verd!
Målet med frivilligheitsåret:
-
- Få fleire til å jobbe frivillig.
- Gjere fleire arenaer tilgjengelege.
- Skape større kjennskap til meirverdien som dei frivillige gir samfunnet.