Kunstige tre
Kvar dag veks folketalet på jorda. Vi menneske tek opp meir og meir plass, og vi bruker meir og meir naturressursar. Ikkje nok med at vi forbruker meir, livsstilen vår er òg ein trussel mot klimaet. Berre ved at vi pustar, produserer vi stadig større mengder karbondioksid.
Tre og dyr regulerer atmosfæren til jorda. Vi er avhengige av at skogane i verda skal oppta karbondioksid som menneske og dyr pustar ut, og samtidig sleppe ut oksygenet vi treng til å puste.
Dette systemet verkar så langt, men kva skjer når befolkninga på jorda veks, og vi forureinar atmosfæren med fossilt drivstoff samtidig som skogane krympar? Viss denne utviklinga held fram, blir balansen forstyrra. Den globale oppvarminga vil føre til ekstreme vêrforhold, varmare hav, sur nedbør og utrydding av tusenvis av artar. Menneskeleg aktivitet har bidrege til dei høgaste karbondioksidnivåa på 800 000 år. Men kan vi hjelpe planeten med å redusere innverknaden vår på atmosfæren?