FordelAr med gaming:
Gaming er ei god kjelde til læring og utvikling. Om du bruker mykje tid på dataspel, kan du ha godt samvit. Gaming er nemleg ikkje berre gøy, det er nyttig også. Her er seks gode grunnar til det:
1. Du blir god i engelsk
Mange spel krev at du les instruksar og kommuniserer med andre spelarar på engelsk. Då trener du språkkunnskapane dine, kanskje heilt utan å tenkje over det. For somme blir engelsk eit favorittfag på skulen, fordi dei kjenner at dei meistrar faget.
2. Du er sosial og knyter nye kontaktar
Mange spel legg opp til samarbeid med andre, på tvers av landegrenser og språk. Med dette fellesskapet kan du kjenne på ei tilhøyrsle og få nye venner. Kanskje er nettopp du ein viktig kontakt for nokon som ikkje har så mange venner frå før?
3. Du blir god på problemløysing
I tillegg til at du blir betre på samarbeid, trener du også på problemløysing. Det kan vere etiske problemstillingar – altså kva som er rett eller gale. Kanskje di avgjerd påverkar liva til innbyggjarane i ein by, eller framtida til éin spesiell karakter? Eller det kan vere strategiske og taktiske problemstillingar. Korleis kan du skaffe deg det beste utstyret, eller overvinne ein fiende raskast mogleg?
4. Motoriske ferdigheiter
Når du gamar, vert det ofte stilt høge krav til motoriske ferdigheiter. Du må vere rask og bruke begge hendene samtidig. Du utviklar også god auge-hand-koordinasjon. Dette kan vere gode eigenskapar i kroppsøvingsfaget.
5. Du lærer å takle stress
Dei som gamar på profesjonelt nivå, vert utsette for same mengd med stress som ein racerbilsjåfør i toppklasse. Det er ganske vilt å tenkje på! Hobbygaming er nok ikkje like krevjande, men du vert påverka av dei same mekanismane. Å behalde roa og utføre oppgåver på ein god måte i slike situasjonar, er ei treningssak der du tar med deg erfaringar i nye forsøk og framtidige oppgåver.
6. Trene på følelsar
Gjennom ei lang økt med speling får du trent følelsar som empati, anger, stoltheit, tilfredsstilling, engasjement, fortaping, håpløyse, nervøsitet, panikk, forvirring, tvil, frustrasjon, irritasjon og bitterheit. Fleire av desse følelsane er ganske unike for spelmediet.