Er det nok mat til alle?

Det er nok mat til alle, men kvifor svelt då to milliardar menneske? Kva kan vi gjere for å utrydde svolt? Er det mogleg å få til? FN har sett seg mål om å utrydde svolt innan 2030. Er det noko du kan gjere for å bidra til det?

Accessibility icon Er det nok mat til alle?

Matproduksjon

Maten på kloden blir fordelt veldig ulikt. Nokre har i overflod, medan andre svelt. Mange meiner at det burde vere nok mat til alle.

Det er ikkje befolkningsvekst som er problemet. Vi fordeler maten urettferdig, og mange et altfor mykje kjøtt. Produksjon av kjøtt gjer at vi bruker mykje dyrkingsjord til dyrefôr framfor mat til menneske. Nokon vel i tillegg å bruke ulike plantar til å lage drivstoff framfor mat.

Kuer i flokk
Kuer i flokk

Forbruk av ressursar

Enorme område med matjord blir brukt til å produsere dyrefôr. Dei som produserer kjøtt, slepper ut meir klimagassar enn dei som jobbar med transport. Samtidig forbrukar kjøttbransjen store vassressursar. For å produsere éin kilo kjøtt blir det brukt over 15 000 liter vatn.

Trykk på knappen under for å sjå kor mykje vatn som blir forbrukt for andre matvarer.

Kuer drikker vann
Kuer drikker vann

Globale utfordringar

Befolkningsvekst skaper sjølvsagt utfordringar med tanke på matproduksjon. Men det er likevel ikkje det største problemet. Naturkatastrofar og krig gjer det òg vanskelegare å produsere nok mat fleire stader i verda. Mange har heller ikkje råd til å kjøpe den maten dei treng.

I mange land er det for lite mat. Andre stader et vi altfor mykje.

Mange blir så overvektige at dei må starte på slankekur. Då blir det brukt endå  meir av ressursane i verda.

Mange av desse slankekurane er nemleg baserte på lite karbohydrat, store mengder protein og feitthaldig mat som kjøtt, ost og egg. Karbohydrat finst i brød, poteter, grønsaker og frukt.

For å produsere éin kilo biffkjøtt blir det kravd sju kilo korn. Mange meiner derfor at vi bør ete mindre kjøtt og meir korn og grønsaker.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Overvekt
Overvekt

Berekraftsmåla til FN

FN har valt 17 mål for ei berekraftig utvikling over heile verda. Eitt av desse måla handlar om å utrydde svolt.

Målet handlar om at alle menneske skal ha tilgang på nok mat heile året. Likevel blir det fleire og fleire som svelt.

Verda inneheld meir enn nok mat til alle. Vi må berre fordele ressursane meir rettferdig, og ikkje kaste den maten vi sjølve ikkje et.

Et grafisk bilde av bærekraftsmålet til FN: utrydde sult
Et grafisk bilde av bærekraftsmålet til FN: utrydde sult

Innan 2030  …

…  er målet å utrydde svolt og sikre alle menneske tilgang til nok, trygg og sunn mat. Særleg for fattige, flyktningar og spedbarn.

…  skal alle former for feilernæring bli utrydda.

Innan 2030  …

 

…  skal produktiviteten og inntektene til små lokale matprodusentar bli dobla. Særleg blant kvinner.

…  skal det finnast berekraftige system for matproduksjon over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dames hender som fordeler korn på mange barn sine hender
En dames hender som fordeler korn på mange barn sine hender

Korleis ligg vi an?

Verda er ikkje i rute til å nå målet om å utrydde svolt innan 2030.

  • I 2019 leid nesten 9 prosent av befolkninga i verda av svolt.
  • To milliardar menneske hadde ikkje tilgang til sikker, næringsrik eller nok mat i 2019.
  • 1 av 11 lir av underernæring. Høgast på denne stigen ligg Haiti og Nord-Korea.
En jente som står inntil veggen med en tom tallerken
En jente som står inntil veggen med en tom tallerken

Kva kan du gjere?

Du kan bidra til å kaste mindre mat. Ikkje kjøp meir enn du treng. Sjå, lukt eller smak på mat og drikke som har gått ut på dato før du kastar han. Utgått mat treng ikkje vere dårleg!

En dame som lukter på sur melk
En dame som lukter på sur melk

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images