KROPP OG SEX MED FRODE:

Det er kleint!

Jada, jada, det er kleint å snakke om. Og ihvertfall på skulen! Sex, sex, sex, sex. Vi les ordet overalt – på framsida av aviser, i blad og over heile internett. Allikevel kan vi begynne å fnise og til og med kaldsveitte viss vi snakkar om det. Kvifor er det sånn?

Illustrerte versjoner av en fersken og en aubergine med teksten Sex i mente skrevet over. I tillegg ser vi forfatteren av artikkelen.
Illustrerte versjoner av en fersken og en aubergine med teksten Sex i mente skrevet over. I tillegg ser vi forfatteren av artikkelen.

Det kjennest kleint

Det er ikkje så rart at det kjennest kleint av og til. Finst det noko rarare enn når mamma eller pappa skal prøve å seie kor viktig det er å bruke kondom? Eller viss læraren din plutselig står og snakkar om kropp?

Kvifor kjennest det annleis å snakke om seksuell helse enn å snakke om vikinghistorie eller geografi, trur du?

En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.
En illustrert banan med en rosa kondom trukket over seg.

Så, kvifor er det kleint?

Når vi snakkar om sex, bevegar vi oss inn på privatlivet vårt. Vi har forskjellige grenser og ulik bakgrunn. Somme snakkar fritt og opent om seksualitet og relasjonar, medan andre helst vil halde det for seg sjølv. Ofte let vi vere å snakke om ting på ein ordentleg måte fordi vi er redde for at det skal bli kleint og fordi vi ikkje veit korleis vi blir møtte. Det gjer det berre endå kleinare når ein først snakkar om noko.

Kanskje kjenner du for å bryte opp den kleine stemninga ved å vere morosam eller seie noko sjokkerande? Anten du gjer det for å tøffe deg, eller fordi du synest det er vanskeleg å snakke om sex, så kan det påverke andre.

Sex skal vere gøy, og humor kan lette stemninga, men det er fort gjort å såre nokon utan at ein vil det. Det kan hende at andre trekkjer seg tilbake, at samtalen stoppar opp, eller i verste fall at ein sårar andre djupt når dei har gjort seg sårbare.

Le gjerne med kvarandre, men ikkje av hverandre! Prøv heller å vere tøff nok til å stå i den kleine stemninga. Berre pust roleg inn og ut i staden for å slenge med leppa. Jobb heller med dine eigne kjensler enn å gjere eit nummer ut av andre sine.

Vi er ulike! Derfor er det viktig at vi er rause med kvarandre. Kanskje er det litt bra at det er kleint? Vi skal ha respekt for kvarandre og ta omsyn til kvarandre når vi snakkar saman om intimitet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.
Fem illustrerte figurer som sitter rundt et bord. Den ene figuren rekker opp hånden.

Kvifor skal vi ha seksualundervisning?

Seksualundervisning handlar om å forstå din eigen og andre sin seksualitet! Sex er så mykje meir enn det å liggje. Det handlar om å bli kjende med eigne og andres grenser og val og om å ha eit positivt syn på eigen og andres kropp. Ved å lære om sex kan ein oppdage at det ein kanskje var flau over, eigentleg er heilt vanleg. At enkelte rare tankar ikkje er så rare allikevel. Ein kan sjå forskjellen på sunne fantasiar og usunne fantasiar. Ein kan forstå forskjellen på porno og sex mellom menneske utan kamera og manus til stades. Ein kan få verktøy til å handtere ein ubehageleg situasjon, viss ein sjølv har vorte utsett for noko, eller viss ein har utsett andre for noko.

Kunnskap skaper tryggleik

Berre tenk deg forskjellen på å liggje med ein som forstår kroppen din, og ein som ikkje forstår den i det heile tatt. Tenk deg korleis det er å  liggje med ein som ikkje tør å snakke saman når ein er nakne og berre vil få det heile overstått, samanlikna med ein som kan halde hender, sjå deg inn i auga, snakke godt, smile trygt og forsikre deg om at dette er noko de gjer saman.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.
En illustrasjon av en PC. På skjermen ser vi første side av artikkelen Det er kleint.

Ta deg god tid

Når ein er ung, kan ein kjenne at det hastar å komme igang med sex. Mange rundt deg skryter av ting dei har gjort, ting dei har opplevd, eller kanskje dei berre ikkje klarer å slutte å snakke om sex, sjølv om dei ikkje aner kva dei snakkar om.

Følg magekjensla

Men det fine med å vere ung er jo nettopp det at ein har best tid av alle! Og viss du lyttar til magekjensla, og respekterer dine eigne grenser, kan du vere veldig sikker på at den sexen du vel å ha, blir mykje betre enn den som det blir skrytt av på skulen og på nettet.

Alle er ikkje opptatt av sex

Du er heller ikkje nøydd til å vere nysgjerrig på desse tinga. Viss du har hobbyar du er meir opptatt av, vennskap du er meir interessert i, og ikkje kjenner noko draging mot alle desse sex-greiene, så er òg det heilt fint og veldig naturleg. Kanskje du blir interessert i det om eit par år.

Ver nysgjerrig!

Di meir ein veit, dess meir veit ein at ein ikkje veit. Sånn er det òg med sex. Det er godt mogleg at du sit igjen med fleire spørsmål etter at du har hatt seksualundervisning, enn du hadde då du begynte. Men det er nettopp denne undringa og denne opne tenkinga som er nøkkelen til å forstå seg på seksualitet. Hald fram med å leite etter svar, hald fram med å vere nysgjerrig!

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.
To illustrerte figurer som er nakne nedentil. En mann og en kvinne.

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?

Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med den lokale helsestasjonen. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester du kan ta kontakt med. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.

 

Skrive av Frode Gjerløw.

Illustrasjonar: Helene Brox
Redaktør: Stine Isdahl Solberg

Kven er Frode Gjerløw?

Frode har skrive fleire artiklar for Skolerom og er ein fast skribent på plattforma.