1. verdskrigen

På begynnelsen av 1900-talet skjedde det store endringar i Europa, og Europa gjekk frå å vere små statar til å bli større land. Det førte til konfliktar og var oppstarten til 1. verdskrigen.

Accessibility icon 1. verdskrigen

Europa erobrar koloniar

På slutten av 1800-talet vart det ein maktkamp mellom stormaktene om å leggje under seg «resten av verda». Dei viktigaste stormaktene var Tyskland, Storbritannia og Frankrike. Stormaktene erobra land i Afrika og Asia for å skaffe seg koloniar.

Utnytta folket

I koloniane vart befolkninga utnytta til å jobbe som billig arbeidskraft. Dei jobba hardt for å vinne ut gull eller for å dyrke bomull og kaffibønner. Dette var kostbare varer som europearane tente masse pengar på. Kolonitida skapte mykje uro rundt i verda, men det var uro i Europa som førte til 1. verdskrigen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.
Illustrasjon av afrikanske slaver som høster inn bomull mens hvite slaveeiere ser på.

Eit annleis europakart

På starten av 1900-talet såg europakartet heilt annleis ut enn i dag. Store delar av Europa vart styrt av Storbritannia, Russland, Frankrike og Austerrike-Ungarn. Spesielt sistnemnde bestod av landområde og folkeslag som ønskte å lausrive seg.

Nasjonalisme

I ein slik prosess kunne det oppstå det vi kallar nasjonalisme. Det er ei kjensle av tilhøyrsle til eit område eller eit folk. Her i Noreg føler mange ei sterk nasjonalkjensle på 17. mai eller på idrettsarrangement. Vi står samla som folk og nasjon.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt gulnet kart over Europa.
Gammelt gulnet kart over Europa.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!